|
|
|

Blinkar i berg er ein
aktivitet som vi i Ytterøyane 4H har drive mykje med.
Før i tida vart det brukt boltar til å fortøye båtane
i. Det er mange slike langs heile kysten av Noreg. For at
boltane skulle vere lette å sjå i frå sjøen blei det
mala svarte og kvite blinkar på berga nær boltane.
Fordi kystverket har
slutta å halde dei ved like har malinga gjennom tida
vorte slete vekk, så no er det nesten umuleg å sjå
dei. Vi i Ytterøyane 4H har no begynt å restaurere dei
gamle blinkane og boltane. Vi hakkar rustet av boltane og
smører dei inn med eit rustmiddel. Vi malar opp-på der
som blinkane har vore før.
Til dette arbeidet har vi fått kulturmidlar frå Flora
kommune og Veikingkonvoien.
| Full
aktivitet med maling av blink og rustfjerning,
på Kinn. |
 |
| Maling
av bolt. |
 |
| Nymala
blink på Sunnerholmen, Rognaldsvåg i
bakgrunnen. |
 |
|