Informasjon
Koseleg feriehus for inntil
8 personar i fiskeparadis i Ytre Gulen.
Huset ligg unikt plassert,
berre 25 m frå sjøen på den fredelege øya Mjømna
ytterst i Sognefjorden. Mjømna har 50 fastbuande, matvarebutikk m/mini
apotek og fylling av drivstoff (400 m), leikeplass (200 m).
Staden vart knytt til
vegnettet i 1993 og avstanden til Bergen er ca. 9 mil. Der er dagleg samband
til-frå Bergen med ekspressbåt (75 min.).
Eigedommen er på
5 mål, ligg usjenert til og inneheld forutan huset eit eldre uthus og
eige naust. Parkering ved huset.
Området kring Mjømna
er svært rikt på fisk, og med alle dei idylliske øyane,
holmane og vikene er det eit eldorado om ein vil kombinere fiske og naturoppleving.
Huset har nytt romsleg
bad/dusj m/golv varme, velutstyrt kjøkken, stove med vedovn, 4 doble
soverom, fullrenovert kjeller med bod for fryseboks/mat og vaskerom m/vaskemaskin.
Hagemøblar, utegrill og redningsvestar er plassert i kjellaren.
I naustet ligg ein 15
fots båt som følgjer med i leiga. Ynskjer ein 4 hk motor til
båten kan dette bestillast.
Får du ikkje fisk
her, får du ikkje fisk nokon plass !!