FISKE OG BÅTLIV

Herøy Kystcamp ligg innerst i Leinevika - ei stor bukt som er skjerma mot storhavet av ei rad holmar og skjer. Her kan du friste fiskelykka i nesten all slags ver - i mars/april kjem også møretorsken inn i denne vika. Vil du lenger ut , og veret er fint, tek det ikkje lang tid å kome ut mot åpne havet og fiskeplassane ved Runde - hovedfeltet for vintertoskefisket. Plassen vår er spesielt innretta mot fiske og båtliv. Vi har eiga flytebrygge, på kaia er der eit eige tilbygg for stell av fisk - fangsten kan du oppbevare i djupfrysar eller kanskje røyke den i røykeomnen. Vi skaffar deg sjøkart over området og har du ikkje båt kan du leige hos oss - leiger du ei hytte høyrer båt med i prisen når du leiger for ei veke eller meir.Når det høver slik kan det også vere sjannse for å vere med ut på storhavet med sjarken vår. Om du ikkje er interessert i å fiske meir enn du kan ete så finst her mange fine og spennande plassar du kan utforske med båt. Ta med termosen og gå på land på ei ubebodd øy, tøff rundt i historisk farvatn ved Herøy Gard eller kanskje du brukar båten til Fosnavåg for å handle.

TilbakeTilbake