Venstre side Velkommen Språk Hytter Høgre side
Vertskap Båter

havferie.com

(Øy-Ferie)

E-post :Oyferie@c2i.net
Telf. 70 08 76 23, Mobil 911 33 310
Kvalsvik, 6098 Nerlandsøy

Havfiske/Hytte og rorbudferie

Øy - ferie er eit fiske og fugleeldorado i det vesle fiskeværet Kvalsvik. Kvalsvik er ytterste bygda på Nerlandsøya i fiskeri kommuna Herøy, som er landets største fiskeri kommune. Alle dei bebudde øyane er knytte saman med bruer, og her er god kommunikasjon.

Utanfor øya er det Stadthavet som bestemmer, Stadthavet kan blåse opp og gjera det uråd og koma utpå. Det kan og leggja seg speglblank, og syna fram dei finaste solnedgongar du kan tenkja deg. Skulle veret på utsida verte for stidt er det berre og setja kursen over alle holmane, her finn ein ly når Stadthavet buldrar utanfor. Her er eit kart over havet rundt Kvalsvik.

Kvalsvik havn er nærmaste havn til det kjende fuglefjellet på Runde, her hekkar tusenvis av sjøfugl. Runde er óg kjend for sine skattefunn. Frå Kvalsvika har ein muligheiter for mange korte og lange turar til andre kjende plassar på Sunnmøre. Dei fleste besøker Runde. Vi anbefaler då båtturen til fuglefjellet frå havna. Dagsturar til Ålesund, Vestkapp, Geiranger, Trollstigen, Briksdalen, og alle dei andre fine plassane kring Sunnmørsalpane.

Sunmøre