|
|
|
|
||
|
Overnatting Grand Hotel Hellesylt VandrerhjemCamping Stadheimfossen Camping .. Hellesylt CampingAktivitetar ... Cinclus ParkMatservering Grand Hotel ........ Cafe Øcal Burgerhjørnet |
Hellesylt som er den vesle bygdebyen innst i Storfjorden (Sunnylvsfjorden) på Sunnmøre har historie som turiststad heilt tilbake til 1875 då det første hotellet i kommuna blei bygd, og dei første cruise-båtane tok til å vise seg på fjorden. Postopneri og skyss-stasjon hadde her då alt vore i ca. 100 år. Steinalderfunn viser at her har vore ferdsel og busetnad heilt frå slutten av siste istid.Dette har utvikla seg slik at i dag vitjar årleg meir enn 200 000 turistar og 100 cruisebåtar bygda. |
Hellesylt med Sunnylvsfjorden i bakgrunnen og Geirangerfjorden inn til høgre (Foto A.I. Tryggestad) |
||
|
Fjelltur med Cinclus Park. Fjellet Middags-nibba i bakgrunnen (Foto: F. Helset) |
Naturen kan du oppleve over alt. Geiranger-fjorden og the Golden Route ligg på den eine sida, og Norangsdalen omkransa av dei kjende fjelltoppane Slogen, Skruen og Kvitegga på den andre. Med berre ein kort biltur er du ved den kjende Brigsdalsbreen. Fjorden, elvane og fjellvatna er fulle av fisk for dei som vil prøve fiskelykka. Frå fjelltoppane kan du få den finaset panorama-utsikt over det unike fjord og fjellandskapet. Området rundt Hellesylt er spesielt godt kjent for at her er ein av landets tettaste bestandar av Fossekall (Cinclus Cinclus). |
|||
|
Aktivitetar som er baserte på den unike naturen i området blir arrangert av Cinclus Park. Frå Hellesylt er det kort veg til dei mange fjord- og fjellgardane langs Sunnylvs- og Geirangerfjorden.Hellesylt ligg og sentralt for å kunne ta turar til Geiranger, Brigsdalsbreen, Runde, Ålesund Vestkapp og Trollstigen om sommaren, eller Strandafjellet og Ulsheim skisenter i Stryn om vinteren Overnatting kan finn ein på hotel, vandrerhjem, campingplassar eller campinghytter. |
Ved inngangen til Moldskreddalen (Foto R. Hole) |
|||
Hellesylt Turistkontor tel: +47 70 26 50 52 Fax +47 20 26 51 01
6218 Hellesylt
Design/webmaster:
Jarle Hole