Wunderbaum, rånernes nasjonalplante Råning

Råning er ein allsidig og sosial fritidsaktivitet som har blitt utøvd i uminnelege tider. Dei aller fleste kan råne - berre vilja er til stade. Likevel er det visse retningsliner som dei fleste rånarar vel å fylgje. Bilen er absolutt det viktigaste. Det er fleire modellar som duger, men dei gildaste Børning! (I Greipstad, det er store lokale variasjonar) er Volvo 144, 24*, 460 og 740, Mazda 626 LX, Ford Granada, Escort og Taunus, VW Golf, Opel Ascona B , Rekord og Manta, Saab 99 GL eller 900turbo. Pappagutane briskar seg gjerne med BMWar eller tyskimporterte Mercedesar. Bilen er frå før 1990 og gjerne senka (det er stas å måtte køyre på skrå over fartsdumpane) eller i nokre tilfelle flammelakkert. Anlegget bør være årntli. Det viktigaste er eigentlig ikkje korleis det høyres, men at det høyres - og det på lang avstand. Suben er obligatorisk, og tek opp stor plass i trunken. Wunderbaum og terningar er eit møst i spegelen. Wunderbaumregel nr 1. er at gamle doftgraner ikkje skal takast ned, dei blir hengande. Ein bør pynte til jôl med blinkande jôletre på dæsjbordet. Sjølsagt KAN ein rånar ha hockey... Klesstil er ikkje så viktig som folk gjerne trur, men det er klart at i nokre indre bygder er tennissokkar, tresko, tronge bukser, pornobart og hockeysveis absolutt aktuelt. Alle kan bli rånarar, ein MÅ ikkje komme frå ei bygd i skauen og ha eit merkeleg namn, sjølv om det sjølvsagt er mykje enklare å vere rånar med slike føresetnadar. Rånarar blir nemleg regelfast utsett for hets frå visse kretsar. Dei fleste argumenta til t.d. Ungdom Mot Råning er slitsamt ynkelege. Det finnes imidlertid så mange gode argument for råning at ein ikkje treng å skrattle av desse kulturvandalane for å skjønne kor riktig råning er:

1. Råning er sosialt
På små plasser er det stort sett ikkje anna å ta seg til på kveldane enn å råne. Samhaldet på rånehengeplassane er enormt, særleg i front mot skrullingar som anti-rånarane.

2. Rånarar blir bevisste forbrukarar
Ingen har vel nokon gong høyrt ein fullblods råne sei at han ikkje veit kva for ein bil han har, men han er i alle fall grøn.

3. Rånarar veit kor viktig det er å ha det flott rundt seg
Terninger - obligatorisk! Senking, sota ruter, spoiler, laksetrapp, wunderbaum og terningar er viktige faktorar i eit årntli råneliv, just som lysestakar og anna dilldall er viktig for ei husmor. Rånarar blir dermed estetisk oppvekte, og ansvarlege i forhold til utsmykking.

4. Rånarar lærer å bruke det offentlege rommet
I motsetnad til i dei europeiske landa blir det offentlege rommet i Noreg lite brukt. Parkar, gater og utekaféar er ikkje dei store samlingsplassane. Dette freistar rånarane å gjere noko med. Rånarane samlar seg på desse plassane og bruker dei. Rånarane er altså dei viktigaste pådrivarane for ein meir kontinental samlingsform.

5. Råning livar opp i bygdene
Utan rånarane hadde sentrum i dei fleste bygdene vore fullstendig daude. Fuglane veid kor mange gadekjøkken og bensinstasjonar rundt om i Noreg som hadde vore nedlagt utan rånarane. Bassdunking er også ein kjærkomen avveksling i bygdestillheiten.

6. Rånarar tek seg av andre menneskje
Ikkje berre rånarar med bil troppar opp på hengjeplassane. Også folk utan rånebil kjem for å få sitte på, og det får dei. Særleg fjortisjenter er populære å ta med seg i baksetet.

7. Rånarar lærer å nyte livet
I ein rånebil er noko av det viktigaste god komfort. Recaro-interiør og hydro-koppen er ein gjenganger, og saman med den alltid friske og Wunderbaumduftande lufta i ein rånebil skapar dei eit miljø som sømar seg for ein plass ein skal tilbringe det meste av fritida.


Som du sjår, finnast det uhorveleg månge gode grunnar til å byrje med råning. Men korleis kjem ein i gong med råninga? For å hjelpe moglege rånespirar til ein lettare start, har eg satt opp eit par-sju viktige punkt:


Råning - steg for steg

Eit køyrety er nok det viktigaste. Nytt moped før du fyller 18 (om du ikkje bur på ein plass som vert vitja av onkel politi omlag annakvart år, då). Etter fylte 18 kan du sleppe deg laus, helst med nokre av modellane nemnt oppe i toppen.

Attåtpynt inni bilen er viktig. Wunderbaum og terningar er sjølvskrivne i ein rånebil. Skinnsete, horeljos, rattfrotté,
rally-pedalar, hydro-koppen og fænsi girkule er heller ikkje til å gå av vegen for. 

Bilen bør helst pyntast utanpå óg, her er det ikkje berre det indre som teller, nei... Felgane er nok fyrste punkt her. Dei bør sjølvsagt vere i lettmetall, seks- eller femspila og levert frå ein dyr leverandør. Bilen bør og senkast, noko ein kan gjere på ein ulovleg og ikkje særleg vettig måte med å kappe fjærane. Er du glad i livet og ikkje har lyst til plutseleg å hamne på tre hjul midt i ein sving (og i tillegg tenkjer å koma gjennom EU-kontrollen), kaupar du heller eit senkesett til bilen, som i grunnen berre er kortare fjærar. Hekkspoiler, frontspoiler, kanalskjørt, kvite blinkljos og ekstra Hella 1000-metere kan kome seinare, men er temmeleg essensielle, dei med.

Anlegget er det mest iøyrefallande trekket med ein rånebil. Mange meiner at det einaste som tel for ein rånar er bassen, som oftast kan høyrast kilometervis borte i ei stille vinternatt. Det er klart at bassen skal høyrast, men om du skal ha von om å få folk til å sitje på i bilen, må du faktisk ha bra lyd inne i kupeen, ikkje berre ei monoton bassdunking i trunken. Standard lydutstyr i ein rånebil er difor to 6*9" e.l. i hattehylla, basskasse med 12" eller 10" i trunken, gjerne diskantar i sidedørene, CD- eller kassettspelar og ein firekanalar eller to tokanalarar festa til bakre seterygg inne i trunken. 

Det er viktig å finne seg kameratar som er/vil bli rånarar (saman er vi sterke). Dykk må så ha ein dugeleg rånemagnet, så som ein bensinstasjon, eit gatekjøkken, ei videosjappe eller liknande, kor dykk kan parkere mange rånebilar på rad. Her bør dykk samlast ofte, både på kvardagar og i helgane, dunke med bassen og spinne litt rundtomkring. Etter ei lita stund byrjar folk å sjå opp til dykk, får seg ein rånebil, møtar opp på hengjeplassen, og vips- dykk har skapt eit levedyktig rånemiljø!

Kva er so "børning"?

"Børning" er eit ord du kjem til å støyte på når du byrjar å kome deg inn i rånemiljøet. For at du ikkje skal verte ståande som ein tosk når heltane på stripa spør om du vil vere med å børne, er det viktig å kjenne til tydinga i dette ordet. Børning kan kort sagt definerast som å ikkje bry seg noko særleg om trafikkreglane sin paragraf 16.

$16 Forstyrrende kjøring og unødig støy
1. I eller ved bebyggelse må det ikke foregå unødvendig og forstyrrende kjøring med motorvogn. Der må det heller ikke foregå bruk av motor på tomgang eller annen bruk av motorvogn som volder unødig støy eller unødig utslipp av røyk eller gass.
2. I eller ved bebyggelse skal kjørerute, fart og kjøremåte avpasses slik at ingen forstyrres unødig.


Sjølvsagt kan ein børne utanfor bebyggjing også, og det finnast sikkert eit eller anna forbud mot dette i ein eller annan paragraf. Men sjølv om rånarar ikkje bryr seg om akkurat paragraf 16, setter dei fleste rånarar tryggleiken i fyrste rekkje. Difor er høge bremseljos standardutstyr, slik at bilane bak kan avvergje eit kræsj om rånebilen må bråstoppe for ein stein som kan øydeleggje frontspoileren. Breie lavprofildekk gir bilen betre veggrep, og anlegget gjer at ein kan høyre rånebilen fleire kilometer før ein treff på han, og difor vere på vakt. Sota ruter gjer sitt for å unngå overoppheiting av bilen, sånn at føraren vert verande konsentrert og avkjølt. Blodtrimma motorar gjer at ein slepp å lage kø, med alle dei tryggleiksmessige ulempene som fylgjer sånne irritasjonsmoment som køa er.


For å nettråne meir lokalt, gå til Fuel Børners Greipstad sine heimesider.


Andre Rånelenker
Lillehammer Råneklubb
Råning i Junaiten
Råning på Borgen
Råning i Rossfjord
Kristian (Guest star i Are Kalvø si bok "Harry" og eigaren av MBen på biletet ovanfor
Korleis spinne U-sving med Massey Ferguson 35 utan kløtsj
Korleis sladde med møkkatank
Den Store Rånesida


 Andreas Tjomsland 20©00 - Heimeside - Gjestebok