Nodelandsmoen
Hovudside - Nodelandsmoen - Juvet - Elva - Brennåsen - Farvehandelen - "Nodelandsheia" - Hortemo - Flyfoto
Nodelandsmoen er sentrum i Greipstad, og her møtast riksveg 461 frå Brennåsen, Kuliavegen (av nokre personar kald "Rypestølvegen"), Nye Kjørkjeveg og Riksveg 461 frå Finsland/Stokkeland/Hortemo i den vakraste rundkøyringa på denne sida av atlanteren. Rett med rundkøyringa ligg "Tappen". Her stiller me opp på rekke og rad til kvardag og fest, i ver og uver, i tide og utide. Biletet er tatt frå framhaldsskulen på Fagermoen opp mot rundkøyringa. I dei seinaste åra har "Nodeland" vorte ein samlebetegnelse på Nodelandsmoen, Fagermoen, Fossmoen, Prestbakken, Solvollen og Timberhalsen. Nodeland har alt ein stakkar kan ynskje seg: rundkøyring, bensinstasjon, gatekjøkken, skrotnisse, frisørar, samyrkjelag, handelsforretning, sparebank, gamleheim, lækjarsenter, tannlækjar, borneskule (på Timberhalsen), framhaldsskule (på Fagermoen), sambrukshus, bedehus og jernbanestasjon.