No er det grueleg lenge sidan eg oppdaterte førre gong, men eg vonar de har hatt andre ting å gjere i sumar enn å sitje pal framføre maskinene. Det nyaste på sidane no er ei utførleg skildring av ein tur til Sveits i vinter. Rånesida har lagt litt på seg, men eg treng framleis hjelp av dykk der ute til å gjere ho optimal. Eg reiser på folkehøgskule for å stå på ski i august, so de skal ikkje sjå bort i frå at den skisida eg har lova so lenge kan dukke opp i løpet av hausten. Flammelakkering er jo også framleis aktuelt, medan Det norske Trygdeparti er lagt ned.

©Andreas Tjomsland - sist oppdatert 21. juli 2001