Røyst fram "Månadens Hockey" i Greipstad
Soleis røyster du: Trøkk med musepeikaren på sirkelen føre namnet på han du vil røyste på. Trøkk so på "Røyst"-knappen.
T. Nicolaisen
- ein ofseleg flott hockey, tydeleg inspirert hjå varmare strok. Thomas er strengt tatt ikkje frå Greipstad, men han har gitt nokre bidrag åt Fuel Børners (ein stol, mellom anna), så me let han få vere med i kåringa.
H. Kjær
- den feitaste hockeyen i 1989 satt på hovudet åt Helge Kjær. Helge var sjølvklårt midtpunktet i barnehaven med ein hockey som denne. No spørs det om han framleis er god for gull i årets hockey-kåring i Greipstad...
A. MacGyver
- den godaste Angus høyrer heller ikkje heime i Greipstad, men me har latt han få freiste av di han har hatt erkestor innverknad på kulturlivet i Greipstad, og då særs på hockey-frisyrane i bygda.
L. M. Hulthin
- ein vaskeekte Greipstad-hockey av god, gamal type. Leif sparar ikkje bevisst til hockey, det berre vert sånt eit fælsleg rom mellom kvar gong han orkar dra til hårkapparen.
A. Liene
- for tida bærar av den råaste hockeyen på høgfjellet i Kristiansand. Andreas misjonerer voldsamt for hockeysveisen, så det skal nok ikkje ta lang tid før heile Hellemyr gror lange nakkehår, nei...