Greipstadsangen

Mel: Blandt alle lande

Av alle bygder i øst og vest
er Greipstadbygda mitt hjerte nest
Der vil eg leva, der vil eg streva,
der gjeng det best.
 
Frå Buksteinstoppen til Tronstadvatn.
Frå Gumpedalen til Tofteland.
Der er vårt eige, om me må seie,
så vent eit land.
 
På Nodefjellet er vent å stå,
sjå elva glitrar der nedanfrå.
På både leier, er småe heier,
mot havet blå.
 
I gamal tid var her berre skog,
no, mo og bakkar er snudd med plog.
Dei gamle fedre her sleit og strevde,
og Blakken drog.
 
Når me vert gamle som no er små,
skal bygda plent som ein hage stå,
med åkrar, enger, og blomesenger
i kvar ei krå.