Greipstad

Hovudside - Nodelandsmoen - Juvet - Elva - Brennåsen - Farvehandelen - "Nodelandsheia" -  Hortemo - Flyfoto

Interaktivt Greipstad-kart! Trøkk rondtforbi for å sjå dæ om i Greipstad.

Greipstad var lenge ein sjølvstendig kommune, men i 1964 blei vi tvungne saman med Finsland til Songdalen kommune. I og for seg eit tåpeleg namn, då elva (som forøvrig er ei av dei mest svingete i Europa) frå gamalt av hette Syrna. Dessuten blir kommunenamnet stadig feilstava (SoGNdalen), eller det blir forveksla med Sogndal på Vestlandet eller Sokndal i Rogaland. Men gjort æ gjort, og nå er Songdalen ein kommune på 217 kvadratkilometer med 5400 innvånarar, dei aller fleste i Greipstad. Greipstad ligger ei mil vestafor Kristiansand, og kristiansandarar regner Greipstad som årntli bondeland. Det er stort sett ganske fredelig i Greipstad, utanom under ælgjakta. Ellers skjer det omtrent veldig ikkjenoe i Greipstad, de aller fleste drar til byen i vekesluttane, helst i skikkelige rånebiler med masse bass og wunderbaum. Folk i Greipstad bur for det meste i elvedalbotnen eller oppe i skauen på Nodelandsheia ovanfor kommunesenteret Nodeland. Greipstad er på mange vis ein temmelig slumplass, av di det er aldri pengar til å byggje planfrie kryss og motorvegar, politikarane kranglar om kva skuler de skal leggje ned, folk tener 20000 under landsgjenomsnittet og Greipstad kommer elendig ut på levekårsundersøkjingar. Men det er enorm elgtettleik og masse skau her, så det går vel opp i opp...

Greipstad,
bygda i mitt hjerte,
Greipstad,
vi kjenner ikkje smerte,
Greipstad,
tett med elg og misjonær,
Greipstad,
vital og visjonær.

Etter Asbjørn Vigleik Birkeland, framtidig lovens høgre hand i Greipstad

 

Greipstad i Fugleperspektiv Nodelandsheia Brennåsen Senter Hortemo Juvet Songdalen Farvehandel Greipstad Kyrkje Songdalselva Farvatnet E39 te Kristiansand E39 te Søgne Skau Skau Nodeland City Skeivoll-farmen RV 461 Toget