
Greipstad
Fuel Børners er ein børneklubb med HQ i Greipstad, ein liter bensin nordvest for Kristiansand Det finnes også ei avdeling Fuel Børners i Vennesla, og fleire søsterklubbar finnast under jorda over heile Agder (særleg i dei indre delane). Fuel Børners driv hovedsakeleg med børning, namnet talar vel for seg sjølve. I desse tidar har me i Fuel Børners lagt bak oss dei to harde åra som rånespirar på moped, og verkeleg tatt skrittet fullt ut. I Mazda 626LX 2,0 og 323F 1,8, Opel Ascona C(flammelakkert) og B, Volvo 740 og 240 og Toyota Camry stillar me opp på Tappen eller Hydroen, eller me reiser til Vennesla, Øya, Byremo eller Iveland for å få inspirasjon. Det ryktes at Greipstad er attende på rånetoppen etter at den siste store bølga slo inn over striba. Somme meiner me er på veg forbi Vennesla, men her har me mykje å ta att. Me greier ikkje det aleine, men med litt hjelp frå akkurat deg kan det gå! Me står stort sett kvar dag på striba på Nodelandsmoen, så vil du treffe oss så står me der. Vil du sjå kven me er så ta ein kikk på Medlemslista. (Her kan du og melda deg inn!)
Interessert i råning? Eller bare litt nysgjerrig? Sjå Råning for Dummies