Flammelakkeringa har sitt opphav i USA, kor ein pickup ikkje duger som rånedoning utan flammar på panseret. Her i Noreg har me so langt vore særs tilbakehaldne med flammane, men no ser det ut til at det byrjar å skje noko. Flammar har etterkvart vorte ålmennt akseptert ute blant publikum, og dei aller fleste tykkjer flammar livar opp bilen enormt. Får du lyst til å lakkere flammar på din bil? Her har du ei trinn-for-trinn-beskriving av kva som gjeng føre seg når ein lakkerar flammar på ein bil: 


INNKJØPSLISTE: 

1.Bil (i dette dømet ein kvit 1982 Ascona C 1,3s luxus sedan) 

2.Raudsprit e.l. 

3.Spraylakk (Quick lakk: raud, gul, kvit, etc.)

4.Vannbasert klarlakk på spray 

5.Smergelpapir 

6.Maskeringstape (Tesa 19mm/25mm) 

7.Ei kasse gamle avisar


KOMME I GONG: 

Fyrst av alt må du finne ein grei plass å lakkere. Sementgolv er det beste, av di fint støv frå grus gjerne legg seg på lakken og gjer han matt om ein lakkerar på grus. Sementgolvet bør feiast skikkeleg før ein gjer noko anna. Så legg du avisar eller ein fiberduk over sementen. Før ein byrjar, bør bilen og vere skikkeleg vaska, og så rensa med raudsprit på dei plassane flammane kan kome til å dukke opp. 

FORM PÅ FLAMMANE: 

No må du bestemme deg for kva for slags form du vil ha på flammane. Henter du inspirasjon frå Amerika eller Kvinesdal vil du garantert ende opp med tynne, slikkande, symmetriske Y-flammer. På biler som Volvo PV, Boble, Saab 96 og heimemekka Hot Rods kan dette vere direkte nydelig, men ellers er eg av den oppfatninga av at symmetri er av det vonde, og at ein skal vakte seg for å ha for mange og for tynne flammar når ein skal lakkere t.d. heile panseret. Flammane strekast opp med blyant eller kritt på panseret og ellers kor du vil ha dei. Bak for- og bakskjermane og langs kanalane er vanlege plassar å lakkere flammar. Når flammane har fått den forma du ynskjer deg, er det berre å setje i gong med å maskere. No er det viktig at maskeringstapen sitt heilt inntil blyantstrekane, og at det ikkje blir hol nokon plass, so lakken kan kome inn under maskeringa. Kurvane kan vere vanskelege om ein ikkje nyttar kurvemaskeringstape, som er tri gogner so dyr som vanleg maskeringstape. I ”innersvingane” i botnen av flammane kan ein nytte ein enkelt tapebit og berre bende han bakover, medan i ”yttersvingane” som t.d. på toppen av flammane må ein nytte mange små tapebitar for å få det til. Det er viktig at det ikkje vert hakkete, av di det sjår voldsamt amatørmessig ut. Når kanten på flammane er lakkert ferdig, må du dekke til heile resten av bilen med tape, avisar, gamle laken eller liknande. Det er viktig at ikkje nokon del av bilen som ikkje skal flammast, vert ståande utildekkja. Spraystøvet leggjer seg etterpå og gjer resten av lakken matt og misfarva. 

LAKKERINGA: 

Etter at heile bilen er dekka til går du over dei plassane du skal flammelakkere med eit fint våtslipepapir, for å sikre heften for lakken. Så går du over med ein klut med lynol, tynner eller raudsprit for å fjerne pussestøv. Pass på å ikkje kom for mye borti tapen, då limet kan løyse seg opp ved nytting av desse kjemikaliane. Etter at denne jobben er gjort, kan du byrje med sjølve lakkeringa. Det er lurast å byrje med den raude fargen, som skal vere yttarst på flammane. So legg du den gule i mellom og den kvite heilt innerst. Eventuelt kan du leggje på ein lyseblå farve innanfor den kvite. Hugs å halde boksen 30 cm ifrå bilen, og freist å ikkje få skarpe overgangar. Ver fast og kontant på peikefingaren, av di det kjem store dråpar om du pressar sprayen halvvegs ned, og det vil du ikkje ha. Etter at du er ferdig med flamminga, og er måteleg nøgd, legg du på eit par lag med vassbasert klarlakk for å trygge flammane mot grus og andre onde gjenstandar. Etter ei veke eller sju kan du bone og polere flammane for å få maksimal glede av dei. Desse flammane er nemleg ein ressurs som varar så lenge du har bilen, og eit sikkert trekkplaster på hengjeplassane. Berre pass på å vere fyrst ute på din plass med flammar, for om eit par-sju år køyrer nok alle rundt med dei. Lukke til!

 

Ein Ascona C er eit ypperleg objekt når det gjeld flamming, på grunn av dei runde formane...

Det var nokre småflammar på Asconaen frå før av, men kva gjer vel det. Jo mer, jo ber.

Endeleg fant mi noko mi kunne nytte søppelavisa VG til!

Flamminga er i gong. Legg merke til det profesjonelle antrekket på lakkøren. (Ein kan med fordel nytte pustemaske i tillegg, eg spytta rødt i ei veke etter flamminga...)

Diskusjonen om flammane gjekk høglytt føre seg, og heldt på å utvikle seg til handgemeng.

Både eigar (Audun Follesøy) til høgre og lakkør (Andreas Tjomsland) til venstre er særs nøgde med resultatet.

 

 

 

PS: IKKJE PRØV DETTE PÅ MOR SIN BIL!

PPS: HUGS Å FJERN FIBERDUKEN FØR DU SPINNER UT I FRÅ GARASJEN!