Pilgrimsferd

til

 
 

FABRIKKEN

Just som alle muslimar med respekt for seg sjølv bør reise til Mekka, og slik alle ihuga Elvis-fæns bør ta turen til Graceland i Junaiten, dreg rånarar til Wunderbaum-fabrikken i Schaffhausen,Sveits. Her vert dei herlege små grantrea produsert, dei som er slik ein naudsynt vare for rånarar i alle aldre og de fleste kjønn. Utan dette gromme murbygget på grensa til Tyskland ville alle Mazdaer, Asconaer, Granadaer og 240er i Noreg lukta gammel tåsvette og tobakk. Men takka vere desse driftige sveitsertyskarane kan me handle godlukt på kvar ein tappestasjon i kongeriket. Om ikkje det er verdt ei pilgrimsferd, so veit ikkje eg...

Sjå litt nærare på namnet..

Akkurat, ja...

 Postkassa til Wunderbaum AG  
   
       
Eg og Audun Follesøy satt på striba ein fredag i februar, men på vintaren er det ofte daut på striba, mest fordi rundkøyringa vert salta. Me satte oss i rekorden til Audun og drog. Målet var sjølvsagt Wunderbaumfabrikken i Schaffhausen, Sveits. Me tok kveldsferga til Danmark og nytta natta til å køyre.   

    Audun sin rekord
 
  Me hadde planlagt å vere framme i Schaffhausen før soloppgang, men tyskarane køyrde så pysete på autobahnen at me ikkje var framme før langt utpå formiddagen...
   

  

Denne forseinkinga fekk katastrofale utslag. Etter ca 140 mil berre for å kunne sjå fabrikken med eigne auge, fann me ut at han var STENGT!! Som det sømar seg ein slik fabrikk, var vindauga sota, slik at me ikkje ein gong fekk sjå inn.

Dørklokka til Wunderbaum AG var så langt me kom

 
     
   
  Fyrst deppa me litt, men det gjekk fort over når me fann den gigantiske baumen i hagen utanfor fabrikken. Me tok nokre bilete og køyrde glade og blide heim att.

Audun er glad, tross alt (han fekk jo testa bilen sin på Autobahn, då)

 

Lenke til Wunderbaums hovudside

Lenke til Wunderbaums nordiske side