80-tallet

Offisielt er 80-tallet berre ei kronologisk beskriving av tiåret 1980-1990. Men "80-tallet" vekker sjølvklart minner langt utover dette i einkvar som har opplevd denne kulturelle glansperioden. Me hugsar pastellfargane, hockeyfrisyren, rullebrettet, puddelrocken og Dynastiet med tårer i augo, og ynskjer oss attende rett som det er. Men ettersom historia ikkje gjentek seg, må 80-tallet sin ånd leva vidare med oss i det 21. hundreår. Det er mange måtar å bevare epoken på, og her på nettet kan du finne råd og tips om korleis nett du kan gjere det på ein haug med sider. Også på denne sida kjem det med tida meir nyttig informasjon om åttitallet, men enn so lenge kan du lese mi sjølvkomponerte åttitalls a-å ordbok. 

Åttitalls-ordbok

Alta-vassdraget TV-show der samar og gutar i tronge bukser sloss mot lakrisen
Beverly Hills Cop Eddie Murphy som Axel Foley i trilogien frå fasjonable Beverly Hills
Caps Hovudplagg som var obligatorisk. Dei villeste snudde han bak-fram 
Dynastiet Dritkjedelig serie som ikkje slutta før åttitallet var over
Europe Band med "Final Countdown" og sinnssjuke sveiser
Final Countdown Nasjonalsongen til alle åttitallsdiggarar
Giana Sisters Det råaste spillet på C64 
Hockeysveis Tøff sveis inspirert av amerikanske hockeyhelter
Idol Person med hockey som var på alle klistermerka
Jan Teigen Gummifjes som aldri vant Grand Prix
Klistermerke Idolbilde som hang fast på alle barneromsdører
Limahl Vill type som song "The Never Ending Story"
MacGyver Serie der Angus M. overlever det meste, takka vere lommekniven
NRK Nordmenn sin favorittkanal på åttitallet
Opel Ascona Biltype som nådde toppen midt på åttitallet
Pilotbriller Utrolig fete solbriller som alle dei tøffe gutta hadde
Queen Idol frå åttitallet. "We are the Champions"
Rullebrett Framkomstmiddel som larma infernalsk
Steinvaska dongeri Den viktigaste uniforma blant dei kuuuule 
Trond-Viggo Hippofilt barneombod (sussa flodhestar)
UV-stråling Ord som fekk folk til å nytte solkrem og pilotbriller
Volvo 740 Styggeste bil som ble laget på Åttitallet
Wunderbaum Doftgran som kom til Noreg på åttitallet
X-mas Teit ord som sneik seg inn i ordforrådet i desember '83
Yap Young, aspiring person. Fornorska til jappe
Zz Top Band som ingen hugsar
Ærfugl Fugleart med lita fellingsrate i jaktåret 83/84
Øøyyhh!! Ord som erstatta "hallo", "goddag" og "hei"
Åtti! Ord som i etterkant er nytta om alt ovanfor

©2000 Andreas Tjomsland