SOGNEFJORDLAGET I AMERIKA
- er ein friviljug organisasjon
- er samansett av medlemar med slektstilknyting i Sogn
- har også medlemar i Noreg.
- si medlemsavis heiter "FJORDLANDBLADET" og kjem ut
med omlag 4 nr. i året, og blir sendt alle medlemmane.
SOGNEFJORDLAGET har som føremål:
- å styrke kontakten mellom utvandra sogningar, eller etterkomarar til desse
- og sogn både kulturelt og sosialt.
- å auke kunnskapen om den historiske bakgrunnen for,
og verknadene av utvandringa generelt.
- å stimulere til kulturell utveksling, og
forståing for nye utviklingsliner som fylje av dei endra
føresetnadene som utvandringa førde med seg.
SOGNEFJORDLAGET
- tilbyr medlemmane slektsteneste, som m.a. omfattar
produksjon av slektstre og anetavle med
utgangspunkt i røter frå Sogn.
- formidlar kontakt til arkiv og forskingsmiljø, i
USA, er til hjelp med å oppspora slektningar i
USA/Canada og informerar om lokale forakings-
og utviklingsarbeid som føregår i Sogn.
- planlegg "kultur-reiser" i midt-vesten for medlemmar av
SOGNEFJORDLAGET. turane vert arrangert som
gruppe-/charter-/medlemsreiser og det er norsktalande guide
og reiseleiar med på rundturarrangementa i USA.
Sognefjordlaget har arrangert "kultur-reiser" i USA i 1987
med over 90 deltakarar, i 1990, 1991, 1992 med over 130
deltakarar, i 1993 og 1995.
- planlegg stemnearrangement i Sogn for norsk-amerikanarar.
I 1983 vart den første stemnearrangementet avikla i
Gaupne, i 1989 var det stemne i Vik og i 1994 på Årdalstangen.
1999 i Sogndal.
- norsk representant i styre for SOGNEGJORDLAGET IN AMERICA
er Erling Bjørnetun, 6866 Gaupne
tlf./fax: 57 68 11 77.
This page was last updated sept 12, 2000