Nr. 4 - Desember 1998 - 13 årg.

Tilbake



Tegnekonkurranse!
Brevvenn
Tegneserie
Kryssord

Adresse

BREV

Lisa K. Nesheim (10 år) har sendt oss dette brevet. Vi vil gjerne ha brev til barnesidene. Så har du lyst til å skrive til oss så er det bare å sette i gang! Du kan godt sende med bilde eller tegning hvis du vil det.

Ein gong eg var sjuk

Eg har hatt kreft i 2 1/2 år. Men heldigvis er eg frisk nå, og er i topp form. Når eg var ferdig med kreften så fekk eg veldig mykje øyrebetennelse og eg synes at det er kjempe vondt! Men nå er eg frisk, men allikevel må eg ta blodprøver til eg blir 15,16 år! Men eg kommer over det, håper eg. Før lå eg og hadde det kjedelig, men eg kjeder meg ikkje så mykje nå lenger. Da eg var i Bergen så var eg på ein bestemt leilighet. Der var det ein kant som var mindre enn ein halvmeter. Der oppå var det ein lekekrok, og eg skulle oppå der og leke, men eg klarte det ikkje fordi eg hadde ikkje krefter nok! Men da kom “super helten far” og løfta meg opp! Og eg klarte ikkje å gå heller, men eg klarte å krabbe heldigvis. Av og til fekk eg lov til å reise heim og feire bursdagene mine. Ein gong skulle eg ha jordbær i selskapet mitt. Men da kom eg ikkje på at eg hadde munnsår over halve munnen! Da blei eg lei meg fordi eg ikkje kunne spise jordbær. Det var det beste eg visste då. Men mamma sa : - Du kan jo spise noe anna hvis du vil? Men eg ville berre ha jordbær! Det var jo det beste eg visste.

Når eg blei 6 1/2 år fekk eg vita at eg hadde blitt frisk. Da kom mamma, far, Eirik og Greta inn til meg og ga meg blomster i fargerike farger og farsongar. Så blei det fest på låven. Med flagg i høyballane og på bordet. Så kom det folk, hundrevis av folk. Ca.100 folk! Grannar kom også, dei ga meg eit hjerteskrin som det stod “Lisa” på. Eg kom i avisene og. Og det blei ein kjempe fin fest. Eg fekk til og med stjerneskudd den kvelden! Eg holdte på å grine av glede! Nå kan eg ikkje skrive meir fordi eg kan ikkje huske meir fordi det er så mykje eg må skrive da! Men kanskje du husker noko, eller hva?



Tilbake til toppen