|
|
|
Tekst
og foto: Arild Sande (SKB Trøndelag/SKB Møre og Romsdal)
«Ferie
med meining» i Selbu
Å få vite
at ditt barn har fått diagnosen kreft er heilt meiningslaust. Ein går
då inn i ei svært tung periode, både for barnet sjølv, foreldre og syskjen.
Ofte er familiar borte frå kvarandre i lengre periodar i samband med behandlinga.
Noko som er svært vanskeleg då, er å planleggje ein ferie.
Kva er «Ferie
med meining»? Ein av dei tinga som fylkesforeninga-ne rundt om i landet
prøver å arrangere kvar sommar er «Ferie med me-ning», som skal vare ca.
ei veke. Det er eit ferietilbod for born som er under behandling, eller
som nettopp er ferdigbehandla. Tilbodet gjeld sjølvsagt også foreldre
og syskjen.
Kva er så meininga med denne ferien? Fyrst og fremst skal det vere rekreasjon
der familiane kan gå til dekka bord. Ein prøver å leggje opp til aktivitetar
som passar born i alle aldersgrupper og vaksne. Born som er under behandlling
eller som nettopp er ferdig med behandling kan treffast i omgivnadar utanom
sjukehusa. Sys-kjen får treffe syskjen som er opp i same situasjon. Foreldre
får utveksle erfaringar med kvarandre. Alt dette meiner vi er god terapi.
På «Ferie med meining» skal det også vere ein fagleg del. Då er der fagfolk
tilstades som til dømes barnelege/onkolog, psykolog, sjukepleier, sjukepleiekonsulentar,
førskulelærar og sosionom. Dette går over to dagar. Fagfolka deler familiane
i grupper og køyrer eigne opplegg for dei. Dei gir også familiane mulig-heiter
til å treffe dei til eigne samtalar.
I samband med «Ferie med meining» skal det også vere ei orientering for
dei vaksne om «Støtteforeningen for kreftsyke barn». Her får ein vite
korleis organisasjonen er oppbygd, og kva den arbeider med.
Fann ein meininga med ferien i Selbu?
I veke 26 arrangerte SKB Trøndelag og SKB Møre og Romsdal «Ferie med meining»
på Peder Morseth Folkehøgskule i Selbu. Denne folkehøgskulen er ein heilt
ideel stad for eit slikt arrangement. Den ligg landleg til ved Selbusjøen.
Her er symjebasseng, gymsal med klatrevegg, bordtennis og biljard, naust
med kanoar og båtar til fri disposisjon, frittliggjande boligar der to
og to familiar vart innlosjerte osv. Dette var andre året vi har arrangert
det. I år var det 8 familiar som deltok, 3 frå Møre og Romsdal og 5 frå
Trøndelag. Vi hadde med 7 svært flinke ungdomar frå Trøndelag som assistentar.
Søndag 27.06. var det frammøtedag og «bli kjent dag».
Måndag og tysdag var oppsett som fagdagar. Vi har her eit samarbeid med
RIT. Desse fagpersonane deltok: Randi Nygård (Overlege ved barneavdelinga
på RIT/onkolog), Trude Reinfjell (psykolog), Åse Vik (psykolog tidl. RIT),
Ingvild Ødegård (sjukepleiekonsu-lent), Hildegunn Kjerringvåg (førsku-lelærar
på leikestua på RIT) og Gunn Thistel (sosionom). Eit verdifullt opplegg.
Ei stund etter lunsj på måndag drog vi til Løvåstunet til fots, med hest
(Selbus største) og kjerre eller med kano. Dette er eit gammalt tun som
er gjort om til kafé og husflidsutsal. Her vart det servert «kaka-kaku»
og kaffi, brus og is. Dei som ville, fikk kjøpe med seg souvenirar. Om
kvelden fikk vi også besøk av den lovande trylle-kunstnaren Andreo (Anders
Alsethaug). Alle borna fekk seg ein pose med trylleballongar. Det vart
etter kvart mange tryllekunstnarar og underlege ballongfigurar på Peder
Morseth folkehøg-skule den kvelden. Eit populært innslag.
Tysdag var det også informasjonsmøte om Støtteforeningen for Kreftsyke
Barn. Assistentane og ein av dei lokalkjende i Selbu arrangerte postløp
for borna og leiarane. Det gjekk hardt utover leiarane. Etterpå var det
skattejakt for borna. NB! Skatten vart funnen. Onsdag var det båttur med
M/S «Jøvra» (Sunnmørsk kaptein ombord) på Selbusjøen. Vi gjekk i 2 timar
til ein stad som heitte Dragsten. Her stod Dragsten velforeining og tok
imot oss med grillmat, brus og is. Dette fikk vi heilt gratis. Stor takk
til dei. Etter at vi var gode og mette tok vi farvel med Dragsten og drog
attende med «Jørva». Om kvelden var det bordkonkurranse og danse/mime
oppvisning av to jenter som deltok på Ferie med meining. Desse jentene
hadde ikkje truffe kvarandre før. Det var Jeanette frå Møre og Romsdal
og Tonje frå Trøndelag. Flott framføring.
Torsdag stod riding på programmet. Dette gjorde vi på Engan gard. Både
små og store cowboyar måtte i ilden. Også dei som var så store at det
såg ut som om dei reid med støttehjul, eller burde hatt støttehjul. Dei
som ville fikk også vere med i hestevogn. Om kvelden hadde vi festmiddag.
Det som stod på menyen var sjølvsagt Trøndersodd, som går godt an å ete
for dei frå Møre og Romsdal også. Etter maten vart det litt heimelaga
underhaldning av arrangørane med assistentar. Assistentane stilte opp
med song med sjølvskreven tekst for anledninga. Seinare på kvelden fekk
vi vitjing av tre damer frå Tydal toraderklubb som spelte opp til dans.
Dei som ville kunne då få svinge seg.
Utanom dette var vi på sæterbesøk, villsvinfarm og strutsefarm. Bassenget
vart nytta kvar dag. Båtar og kanoar vart også flittig brukt når det var
forhold til det, og det var det. Eige diskotek var det også her.
Fredag 2.07. vart då avskjedsdagen som berre måtte kome. Mange av borna
gav inntrykk av at dei kunne tenkje seg å vere mykje lengre. Då trur eg
at vi har oppnådd litt av det vi ville. Sjølv om det av og til virka ganske
så meiningslaust det vi held på med, så fann ein vel kanskje litt meining
med ferien. SKB Trøndelag og SKB Møre og Romsdal vil også rette ein stor
takk til personalet som arbeider ved Peder Morseth folkehøgskule for ein
flott service og stor gjestfriheit.
Tilbake til toppen |
|