Nr. 1- Mars 1999 - 14 årg.

Tilbake



Tekst og foto: Arild Sande

Pengegåve til SKB Møre og Romsdal

I Gursken på Sunnmøre har nokre born gjort ein fin innsats for Støtteforeininga for Kreft-sjuke Born Møre og Romsdal. Dei tre gutane Eivind Michael, Søvre Myklebust, Kim Sætre og PålAndré Kleppe har starta opp kjellardiskotek i husa der dei bur. Dei bur i Aætre byggjefelt i Gursken. Diskoteket vert arran-gert på omgang i heimane til gutane. På diskoteket sel dei også litt snop. Diskoteket er blitt populært blant borna i byggje-feltet.

Det kostar kr.10.- å sleppe inn. Dei hadde drøfta kva pengane skulle gå til, og dei kom fram til at dei ville gi dei til SKB Møre og Romsdal. På spørsmål om kvifor dei ville gi pengane til SKB, svara gutane at dei hadde ein god kamerat, Anders, som hadde kreft og døde for ikkje så lenge sidan. Dei vil difor gjerne hjelpe andre born som får denne sjukdomen. I tillegg til diskotek fann dei også ut at dei skulle selje tombola ved Gursken Matsenter ein fredag og ein lørdag. Då spurde dei butikkar i Gursken og på Larsnes og naboar etter gevinstar. Dei fekk mange fine ting syntes dei. Folket var flinke å støtte opp om loddsalget. Til å hjelpe seg til å selje lodd hadde dei Pål-Erik Gurskevik (frå Lillestrøm), Sandra Seljeseth, Elise Myklebust og Birgitte Vaagen. Fin innsats av desse også. Til saman hadde vi i SKB Møre og Romsdal gleda av å motta kr. 3.600.-. Desse borna har også tid-legare gitt gåve til SKB og vil halde frem med det. Flott innsats!


Tilbake til toppen