Nr. 4 - Desember 1999 - 14 årg.

Tilbake



Tekst og foto: Øystein Jarle Wangen og Bjørn Skjeldestad

Familieweekend til Hunderfossen

”No skal vi til Hundersfossen”, sa Mathias på 3 1/2 år då vi var komne i bussen utanfor Olrud Hotel ved Hamar. Men dessverre for Mathias og dei andre var det på tide å pakka inn i bussen for å setja kursen mot Vestlandet att.

Planlegginga av turen starta på vårparten, og då me drog aust-over var det totalt 163 personar som var med. Dei aller fleste i bussar medan nokre brukte privatbil. At det var så mange med, fortel oss at dette var eit tilbod som medlemmane sette pris på.

Ved ankomst fredag var det innsjekking på hotellet og ein etterfylgjande middag. Etter dette var det uformelt samvære der dei som ikkje var altfor trøytte etter turen samla seg i salongane og snakka ut over kvelden. Det var heilt tydeleg at det som folk har gått gjennom har oppretta band som er sterke. Tryggheiten på dei andre deltakarane var til stades med ein gong, og det var mogleg å få dela tankar og kjensler som ein gjerne ikkje har mulegheit til å gjera i kvardagen. Dette fordi at i ei slik gruppe vil alle forstå kvarandre sjølv om ikkje heile setningar vert sagt.

Laurdag morgon bar det nordover forbi Lillehammer til Hunderfossen. I strålande vêr fekk dei fleste utfalda seg dei timane vi var der. Brus frå Lerums i Sogndal vart delt ut slik at dei fleste kunne få sløkkja tørsten i den varme sola. Midt på dagen var det eit pizzamåltid der alle kunne eta så mykje dei ville. Utgiftene til dette var dekka av ein aksjon som aldersbestemt fotball i Årdal, Lærdal og Kaupanger stod bak. Ein stor takk til dei!

På ettermiddagen hadde Bjørn Skjeldestad, Kristin Norstrand og Nina Lundekvam eit møte med ungdomsgruppa på hotellet for å få fram tankar frå dei om kva som kan arbeidast med for deira del.

Klokka 19.00 om kvelden var det tid for felles middag. Denne vart ikkje gjort så veldig høgtideleg med talar, men det vart uttrekt nokre fotballdrakter med autografar på, og dette var noko som fall i smak hjå dei fleste. Landslagsdrakt med autografar var ei gåve frå Årdal Stålindustri, Bjørn Skjeldestad hadde ordna med ei Brann-drakt og ei Manchester United-drakt.

Det var helst barna som svinga seg i dansesalen medan dei vaksne sat og hadde det koseleg saman. Vokalisten i bandet kom ut på dansegolvet og tok med seg barna i fugledansen, og det var tydeleg at dei sette stor pris på det.

Søndag morgon var det frukost og smørjing av matpakke før turen heimover tok til, og det virka som om dei aller fleste hadde kost seg godt sjølv om reisa kanskje var noko lang. Men det var fantastisk å oppleva kor greit det gjekk med så mange barn i buss. Kanskje ein skal tenkja på liknande utflukter seinare?


Tilbake til toppen