Romanifolkets Landsforening
Pressearkiv


Klippet fra avisen Vårt Land.
Vårt Land,tirsdag 25 mars 2003.

Tvangssteriliserte kan få erstatning

Historikar Per Haaves rapport seier at mellom 2000 og 2500 nordmenn blei tvangssteriliserte i perioden 1934-1977 - men det er mørketal.
Tre grupper dominerer: Tater,utviklingshemma og psykiatriske pasientar.

Regjeringa utgreiar mogelege erstatningsordningar for tvangssteriliserte.

Bjørgulv K. Bjåen
bjbj@vartland.no

Med lovverket i ryggen blei det utført rundt 40 000 steriliseringar i Norge i perioden 1934 til 1977. Mellom 2000 og 2500 blei utført med tvang.
Rett over nyttår nedsette Kommunaldepartementet (KRD) ei arbeidsgruppe med medlemmer frå fleire departement som skal vurdere spørsmålet om erstatningsordningar for tvangssteriliserte.
Berørt. Ekspedisjonssjef Petter Drefvelin i KRDs Same- og minoritetspolitiske avdeling vil ikkje forskotere konklusjonen til gruppa som etter planen skal avgje rapport i månadsskiftet april-mai. Men han seier dette til Vårt Land:
– Ved å nedsetje ei slik arbeidsgruppe erkjenner styresmaktene at nokre er berørt av kritikkverdige forhold.
Det var før jul at kommunalminister Erna Solberg lova Stortinget å sjå nærare på kva som kunne gjerast for dei styresmaktene steriliserte med tvang.I arbeidet med å vurdere erstatningsordningar skal gruppa møte svenske fagfolk for å få innsyn i den svenske ordninga. I vårt naboland får steriliseringsofre 175.000 svenske kroner i erstatning. Det svenske sosialdepartementet trudde dei ville få 1000 søknader, men enda opp med 2000.
Mørketal. På slutten av 1990-talet undersøkte historikar Per Haave det statlege steriliseringsregisteret. Han fann han ut at mellom 2000 og 2500 personar blei tvangssterilisert i Norge i perioden 1934 til 1977.
Då Haave la fram rapporten understreka han at det «heilt sikkert er mørketal på dette området. Blant anna kunne sterilisering også utførast på medisinsk grunnlag dersom det var fare for mors liv, utan at legen måtte ha godkjenning frå helsedirektøren eller steriliseringsrådet».
Haave fortalde også at tidleg i 1920-åra utvida legane omgrepet «medisinsk indikasjon» til også å omfatte sosiale og rasehygieniske indikasjonar, og at denne praksisen heldt fram også etter 1934.
Ifølgje historikar Haaves rapport kan dei steriliserte delast i tre hovudgruppe:
* Dei som friviljug søkte om å bli steriliserte.
* Dei som hadde samtykke av verje eller kurator i tillegg – blant desse var personar som blei rekna som ånds- svake, sinnssjuke og umyndige
* Dei som ble tvangssteriliserte – i hovudsak tre grupper: Tatere, utviklingshemma og psykiatriske pasientar.

PENGAR KAN IKKJE ERSTATTE TAPTE LIV.
Leif Larsen,leiar i Romanifolkets Landsforening (RFL),er glad for at "staten viser vilje til å erkjenne eit ansvar for dei mange tvangssteriliserte".Men pengar kan ikkje erstatte tapte liv.RFL har hatt eit møte med arbeidsgruppa og skal ha eit til i neste veke.Me får høve til å framføre argument om korleis me tenkjer oss at mogelege erstatningsordningar kan sjå ut,seier Larsen,som helst hadde sett at staten tok eit langt større ansvar for lagnaden til tatarane.Når erstatningsordninga for tvangssterilisrte er på plass,skal me minne staten om det ansvar dei hadde for feilplassering og barnekidnapping.