Bibelsk dåp i vann!

Utdrag av et vitnesbyrd

Jesus elsker DEG!

Denne artikkelen er fyrst og fremst tileigna deg som ikkje er trygg på at din barnedåp er den dåp som Bibelen beskriver, men og til deg som ikkje er døypt i det heile. Eg har lyst til å gi deg mitt vitnespyrd om min veg til truandes dåp.  Først ein liten presentasjon av kven eg er. Eg vart fødd (1957) inn i eit miljø prega av typisk bedehus- tradisjon. Mine barnesko trakka eg på møta på bedehuset, og vart frelst på vekkelsesmøte 15 år gamal. Sjølvsagt var eg barnedøypt, og noko forkynning om dåp opplevde eg ikkje i den samenhengen som eg voks opp i. 

Tvil om barnedåpen
Heilt frå eg blei frelst som 15-åring gjekk eg med ein nagande tvil om den dåp eg vart døypt med var rett Bibelsk dåp. Eg fekk meg rett og slett ikkje til å tru at 3 nevar vatn over hovudet på eit ubevisst spebarn gjev frelse for dette barnet, uavhengig av barnet sin bevissthet, slik kyrkja lærer. Det var også mange fine bilde og symbol som blei sagt i dåpssamanheng som eg ikkje fann grunnlag for i Bibelen.            

Skifte av menighet?
Likevel, tanken på at truandes dåp kunne vere den dåpen som stod om i Bibelen, var litt skremmande, fordi eg då såg for meg at eg måtte skifte menighet. Det vart hindringa for meg, og gjorde at eg nekta meg sjølv å ta opp dåpsspørsmålet.

Lojalitet til Gud.
Mitt råd er at det er viktigare å lyde Gud enn menneske. Gud har oversikten og vil lede deg også når du ikkje heilt ser vegen.Tek du andre lojalitetshensyn enn det å vere lojal mot Guds Ord, vert du aldri lukkelig. Då har du inngått kompromiss og kjem inn i ulydighet mot Gud. I 1993 kom eg til eit punkt der eg vart nøydd til å gå inn i dåpsspørsmålet for å vite kva eg egentlig stod for. La Guds Ord vere den einaste rettesnora. Eg bestemte meg då for ein ting. Når eg går inn i dåpsspørsmålet, skal eg først legge av alle mennesklege tankar, tradisjonar og begrensningar.
Deretter ville eg lese Bibelen som den står, og be den Hellige Ånd opplyse Ordet. Feilen mange gjer er at dei tar utgangspunkt i ei meining, og freistar å finne skriftbelegg for meininga. I staden bør ein la alt Bibelen taler om i ei sak få lyde først, og så vil Gud ved DHÅ gje deg tru på Bibelens sum.    

Sal 119:160 Summen av ditt ord er sannhet, og til evig tid står all din rettferds lov fast.

Ein god fortolkningsregel er å la skrift tolke skrift. Det vil seie at ein let uklare ord tolkast av dei klare orda. Etter at eg nærma meg temaet på denne måten, tok det ikkje lang tid før Ordet ved DHÅ skapte tru i hjertet, og eg såg ein heil del nye ting om dåpen. Det var som om Guds Ord vart nytt for meg på dette området.  Standpunket førte meg ut av Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja, utan at eg hadde menighet å gå til. Eg let meg døype av eigen fri vilje og overbevisning. Å la seg døype var ein sterk opplevelse, og eg merka konkret at noko slapp taket. Det er ein del ting som syntes skje i dåpen. Band til fortida, enten det gjeld synd, eller mennesklige tradisjoner og tanke- bygningar blir kutta av, og om du vil ta det, vert du fri til gå med Gud. Eg vart ikkje meir frelst. Frelst vart eg då eg vart fødd på ny, ved å tru på Jesus Kristus. Men ein ny frihet var ein realitet. Det er ein frihet som eg ynskjer alle, som ikkje har fått sett dåpens innhald skal få kome inn i. Mitt ubetinga råd er å la tradisjon fare, la eigne og andre menneskers begrensningar
fare.

Til den nyfrelste!
Til deg som er “nyfrelst” vil eg gjerne få poengtere. Dåp er noko som høyrer nøye saman med omvendelse og tru på Jesus Kristus. Normalt kjem dåp umiddelbart etter at ein har teke imot Jesus Kristus som sin Frelsar. Vent ikkje med å la deg døype, men la det skje snarast praktisk mogleg.  Les Mark.16.16. Den som trur og vert døypt skal bli frelst.  Slå opp i Bibelen din i Apostlenes gjerninger og les følgende bibelsted: kap. 2.vers 38, 8.12, 9.18, 16.33, 18.8 og 19.5 Alle dei stadane ser du at dei som tok imot frelsa, vart døypt umiddelbart. Paulus vart faktisk døypt før han fekk seg mat.(Apg. 9.18) Fangevokaren som det står om i Apg.16.33, vart frelst om natta og døypt før det var dag. Dåp er eigentleg veldig enkelt, dersom ein legg tradisjonar og mennesketanker til sides, og les Bibelen slik den står.

Kva er dåpen?
1) Dåp i vatn med full neddykkelse er ein symbolsk “begravelse” av det gamle livet utan Jesus. Når du vart frelst ved å tru på Jesus i hjertet, og bekjenner det
med munnen ( Romarane kap. 10.v.9) seier Bibelen at du vart fødd på ny. (Johannes evangeliet kap. 3. v.3-7) Difor bør du la deg døype snarast etter at du er blitt frelst. (Paulus brev til Kol. 2.12) Det gamle “mennesket/livet” er korsfesta med Jesus (Romarbrevet 6.6) og skal reknast som dødt.(dvs. du er ferdig med det) Det normale med mennesker som døyr er at vi gjev det ein verdig begravelse. Den normale behandlinga vi gir det gamle “mennesket/livet” som vi forlet når vi tok imot Jesus, er at vi begraver det i dåpen.

2) I dåpen skjer ein proklamasjon (kunngjering/demonstrasjon) innfor Gud, for mennesker og for åndeverden, at ditt gamle liv uten Jesus Kristus definitivt er forbi, det er dødt og begravet.  Dåpen er altså ein åndeleg avkutting av band til det livet du levde utan Jesus. Du er oppstått til ein ny skapning i Jesus Kristus, med hans natur buande i deg ved sin Hellige Ånd. Ditt nye liv er i Kristus. (Kol. 2.12, 3.1) Dåpen er et vitnesbyrd om at du bøyer deg for Gud og hans ord, og det er en proklamasjon i åndeverden at du høyrer Kristus til.                                                                 

3) Dåp har løfte i seg om Den Hellige Ånds gave.
Apg. 2.38. Peter sa til dei: Omvend dykk, og la dykk alle døype på Jesu Kristi namn til syndenes forlatelse, så skal de få Den Heilage Ande i gåve. Det betyr at du etter dåpen med Bibelen som sannhets-bevis kan forvente at Jesus vil døype deg i sin Hellige Ånd. (forløyse DHÅ`s gave i deg.) Du har full tilgang på det, og “rett til” det.
4) Dåpen er eit godt samvits vedkjenning til Gud.
1. Peters brev 3. 21. Ei samvitshandling. Dåpen er på ein måte din respons/gjensvar til Gud på at han ved Jesus Kristus har frelst deg.

Det er 3 viktige grunnar til at læra om barnedåpen ikkje er i samsvar med Bibelen.
1) Feil grunnlag.
Bibelen vitner om at før dåp må det finnast ei personleg tru på Jesu og ein bekjennelse til hans namn. Apg. 8.36-37.
Det er ikkje dåpen som er frelsande, med ved trua på Jesus Kristus åleine. Gjer ein dåp til ei handling som gir frelse bygger ein frelsa på ei ytre handling og ikkje på tru åleine. (Romarbrevet 3.28) Læra om frelse i barnedåpen er utan grunn i Bibelen, og er i sin ytterste konsekvens ein annan måte å bli frelst på.  Ville være rart om ikkje barnedåp var ein måte å motta frelse på, uten at den var nemd i Bibelen i det heile?       

2) Feil tidspunkt.
Først tru og bekjennelse av at du trur på Jesus Kristus, så dåp, det er Bibelens klare ord. Apg. 8.36-37. Eit lite spebarn har ikkje noko tru i Bibelsk forstand. Lutheranare snakkar om ubevisst tru på same måte som eit lite barn søker mat. Sjølv om det kan høyrest fint ut, fins det ikkje dekning for den tankegangen i Bibelen. Tvert imot, trua er noko bevist og er ei Guds gave som kjem av at ein høyrer ordet forkynnt. Tru i Bibelsk forstand, fører til noko aktivt, handlande. Romarbrevet 10.14 og 17. Eit lite barn er i utgangspunktet kome under forsoninga og er Guds barn. Matteus 19.13-15. Jesus døde også for barna. Ei synd skil oss frå Gud, at vi bevisst forkastar Jesus.                                                                                    

3) Feil utførelse.
Ordet dåp kjem av det greske ordet baptisma som tyder heilt neddykka. Ef. 4.5. taler om ein Herre, ei tru, ein dåp. Dåp med 3 nevar vatn over hovudet er altså ikkje dåp i Bibelsk betydning. Les om Fillip og hoffmannen i Apostel-gjerningane 8. 26-40.  Så nokre “Ja men spørsmål”.

1) “Ja men eg er jo døypt med barnedåp, er ikkje det dåp god nok?”
Nei, i bibelsk forstand er ikkje barnedåp dåp i det heile (s. 5)  Den er i beste fall ei velsignelseshandling. Eg trur ikkje det er frelse i dåpen om du kallar det barnedåp eller truandes dåp. Frelst blir ein ved å tru på Jesus Kristus. (Rom. 10.9. og 3.28.)

2) “Ja men er det så nøye med korleis ein blir døypt?”    Ja, det er nøye med Guds ordningar. Vi har ingen rett til å forkaste hans ordningar og lage våre egne. Gud vil vi skal følge hans ordningar.Jesus innstifta dåpen. Vi forkynner, underviser og praktiserer i samsvar med Bibelen i dåpsspørsmålet. Praksisen med spebarnsdåp har absolutt ingen dekning i Bibelen. Det er ein tradisjon som har kome til seinare. (og då var vranglære kome inn på mange områder) For Den Norske Kyrkja er spebarnsdåp av avgjerande betydning, då det er der ein vert knytta til kyrkja. Difor møter ein liten vilje der til å ta opp dåpsspørsmålet, og ein får heller ikkje relevant dåpsundervisning der. Dåpen har soleis vorte sjølve "bærebjelken for statskyrkja." (sitat biskop Hagesæter til Magazinet) For mange er barnedåp ein familietradisjon eller ein god skikk, og har lite åndeleg innhald. Spebarnsdåp og overausingsdåp har ikkje belegg i Bibelen. Alle er einige om at Bibelen beskriver det greske ordet baptisma som tyder heilt neddykka i vatn.  La meg spørre på ein annan måte. “Kva er til hinder for at vi praktiserer dåp i samsvar med Bibelen?"

3) "Ja men, eg må modnast fyrst og dessutan har eg ikkje fått tiltale frå Gud på at eg skal gjere det."
Dersom du vil tru Guds Ord, og tillegg Bibelens autoritet, slik det står, og er villig til å gjere etter det, treng du ikkje modnast. "Eg har ikkje fått tiltale på at eg skal gjere det," seir nokon. Det høyrest åndelig ut men det er det ikkje. Du treng heller ikkje ha ein spesiell tiltale frå Himmelen for å handle på det du ser er rett. Du treng berre å ta ein praktisk avgjerslse for din del. Slik er det med andre ting i Bibelen og, når vi ser det , og får ei overbevisning vert vi ansvarlege for å handle på det. Mange som har vore kristne i mange år uten å bli døypt, kjenner gjerne på uro for kva andre i familien og vennekrets vil reagere. Vil dei ta avstand frå meg etterpå? Spørsmålet er om vi er villige til å lyde Gud meir enn mennesker?

daapas.jpg (30150 bytes)

Fra en dåpshandling 

Dåp i vatn er eit tema som kristne i lange tider har vore i strid om. Dåpsspørsmålet er vanskelig vert det hevda. Ja, - det skal vi sjå på i denne artikkelen.
Kva er dåp?  Kva gir dåpen? Kvifor dåp i vatn?
Desse spørsmåla skal vi sjå litt på. Vi skal og svare på nokre vanlige "ja men"-spørsmål. Eg vil gjennom dette også dele mitt vitnesbyrd.
I slutten av artikkelen beskriv eg korleis ein praktisk går fram i forberedelse til dåp og gjennomføring.    

Gud velsigne deg!

pastor Frank Håvik

Praktisk gjennomføring!
Reint praktisk foregår dåpen vanlegvis omtrent slik.
Den som vil bli døypt tek kontakt med pastor på førehand, og avtaler tidspunkt. Om det er nødvendig vil pastor gje dåpsundervisning.  Den som vil døypast tek med dåpskle og skiftar på omkledningsrom. Handkle tek du med inn i møtesalen. Vi er ikkje så nøye med at dåpskleda skal vere kvite, det har mindre betydning. Kvinner må å hugse på å ikkje nytte overdel som vert gjennomsiktig når den vert våt. For dei som ikkje er klar over korleis slik dåp foregår vil eg gje ei kort framstilling her: Den som døyper går først ned i vatnet, og dei som skal døypast kjem ned i etterpå, ein og ein.  Så får du spørsmålet: "Trur du at Jesus Kristus døydde for din synd og stod opp til din frelse?"
Etter at du har svart ja, tar den som døyper eine handa bak skuldrane, og den andre over dine korslagde armar og seier omtrent som fylgjer:
På di eiga tru, og bekjennelse døyper eg deg i navnet til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, - i Jesu navn begravet med Jesus, (Du føres ned i vatnet bakover) og oppreist med han (reises opp av vatnet) til å leve eit nytt liv i seier, sammen med Kristus. Deretter blir du bedt for med handspålegging, om DHA fylde, utfrielse og kraft over ditt liv. Det hender og at Guds Ånd kjem over mennesker under dåpsmøtet, så dei kjenner seg kalla til å la seg døype. Om det skulle hende deg så ver bare frimodig å ta kontakt med møteledelsen, i dei fleste tilfella kan ein ordne med ekstra dåpskle for slike høve. Det vil og være naturleg om forholda ligg til rette for det, at mennesker som vert frelst i eit møte, blir døypt umiddelbart i samme møtet.
I vår menighet forventer ikkje at den døype skal gå inn som medlem sjølv om han/ho vert døypt hos oss. Menighetstilhørighet vel du sjølv på fritt grunnlag.
Gud velsigne deg.