| TIL STARTSIDEN |
21.03.04 16:42:46
|
Tankar omkring Mikkjelsmesse
Mikkjelsmess' er komen og varslar om haust,finn jaktbørsa fram og dra båten i naust,no hovæ skal sviast i flammande eld -og Greengrass kjem fram ut på laurdagskveld !Ja, då er det rom for eit attersynfor alle som står for det same syn :Ei rennande elv i eit landskap så fint -og kroppsvask i kulpar så fisken vert pint !Med møte og synfaring, plan og taktikk,me venta i tunet med usikre blikkpå vedtak frå styret - me gjekk og me stod -ein Jeger så meisterleg fekk oss til ro !Og så vart det fest inni grendahus'med talar og songar, med sus og med dus,med knegging og latter - ei stemning så fin -Ingfrid drakk brus - og Arild drakk vin !Fallskjermar sirkla mot dalen vår ned,ei kveldstund så fager med spenning og fred,Arild tok bilde og stupte i gras -og etterpå sat me i Nonshaug' med glas !Ja, minna er mange og gode i år,får håpa det no vert ei jakt som forslår,men vert det for magert, då tuslar eg stilttil høkert på torget og handlar meg vilt !
"Steikt Hjortetunge"
I dag har eg fått den store æra og gleda å få presentera Arild Skjelbred(Mr. Webmaster) si heilt unike og trendsetjande oppskrift på "Steikt Hjortetunge".Det går enno gjetord i Rasdalsområdet om korleis han så eminent og suverent - ei kveldsstund på slutten av 90-talet - komponerte ein rett som til fulle vart eit minne for livet - spesielt for han sjølv ! Han har lenge halde denne oppskrifta i djupaste dølgd, men har no - etter lettare press - frå frå alle jakt- og gourmet-venner i Rasdalen, gått med på å frigje sine inste løynddomar (mot eit klekkeleg dusør) andsynest denne enkle, godsmakande og utfordrande retten.Oppskrifta er såleis :* Finn fram ei heilt fersk hjortetunge - helst av eit tilårskome hanndyr* Rensk tunga for belegg, vorter og ulumskheiter* Krydra tunga med salt og pepar, og hiv tunga fluxt i steikepanna* Steik først på sterk varme, snu tunga innimellom* Hiv tungt på med diverse sopp og kvitløk - omkring og oppå tunga* Skru ned varmen - og la tunga surra varsamt i panna* Etter max 25 minutt i panna er tunga møyr og god - og ferdig for servering(Vert tunga steikt for lenge, vert ho seig - og tung å fordøya, sjølv for hundar)Server retten med saus og poteter, salat og ein skarp knivBryn opp gjestene med eit stort glas kraftig australsk - eller italiensk - raudvinHa også eit lager med akevitt i bakhand (Løiten Export) - server i sennepsglas -og ver nøye med å sløkka det aller meste som finst av ljoskjelderØnsk gjestene velkomne til bords - og organiser hyppige skålingar før japsing vert iverksettDette vert truleg haustens slager når det gjeld nye og spanande rettar - Rasdalssidene har no fått tillagd ein ny dimensjon i sin presentasjon av eit dynamisk lokalsamfunn !No oppfordrar me sterkt om at de - der ute - tek utfordringa, og steller i stand dette fantastiske måltidet !Tilbakemeldingar kan og bør sendast - utan sensur - til arild.skjelbred@c2i.netGod appetitt !P.s. Dersom denne retten vert ein suksess, kjem eg tilbake med andre nytenkjande og kreative rettar når hjortejakta - og fordøyinga - er over . . . . . .
BREV FRA TERJE
Oldesønnen utbasunerte for ei tid tilbake - i eit brått storsinn etter inntak av eit ukjend antal Hansa fatøl - at underteikna skulle få det privilegium å få ansvaret for ein liten flik av Rasdalspillehytten. Men ordtaket om å setja bukken til havresekken er diverre ei høgst aktuell samanlikning i dette høvet.
Det å gje ansvar til andre forpliktar at ein ikkje heile tida blandar seg
inn og overtek kontrollen - det har vore påpeika før i sommar . . . . .
Det grovaste eksempelet - til no - er det manipulerte biletet av ein ærleg og hardtarbeidande havneinspektør i Dalavatnet. No har eg ved tidlegare høve
stilt store spørsmålsteikn når det gjeld resultatet av fotograferinga av min
eigen korpus - det har gjennomgåande gått i min disfavør, men dette var "meget alvorlig" - som ein kjend poet i distriktet korrekt ville ha formulert det. Men sidan dette ufyselege biletet av den pæreforma figuren no er lagt inn på dei interne sidene, har eg bestemt meg for å ikkje gå vidare i systemet med
saka, og eg vil såleis ikkje anmelda det grove overtrampet til Fana
lensmannskontor.
Ideen om ein havneinspektør i Rasdalen er god, og det er også klårt at
spjelingar ikkje kan forvalta ein slik sentral og betrudd jobb - her er det
pondus og autoritet som må til når ulovleg fiskeutstyr skal kverrsetjast og
når kjeltringane skal kjølhalast luxt i jailen.
Men då eg sist helg skulle visa dei offisielle Rasdalssidene til ei samlingdanna og skulerte individ, var det temmeleg hard kost å klikka fram biletet
av havneinspektøren - mitt gode renome tok seg just ikkje opp etter den
sterke seansen !
![]()
Avslutningsvis har eg ei lita von om at dei framtidige innlegga mine til dette hjørnet ikkje vert offer for manipulering - men for røynde nynorsk-auge skulle det vera relativt greitt å gjennomskua. . . . . .
Terje