28.09.01
Forskingsprosjekt viser
at hjorten tar halve grasavlinga
Sigurd Løseth (sigurd.loseth@firda.no)
FJALER: I område med hardt beitepress frå hjort vert
grasavlingane på innmark bort imot halverte. Det viser eit
beiteskadeprosjekt som Planteforsk Fureneset fagsenter på Fure har
gjennomfører på Lone i Fjaler.
– Skaden er større enn det vi hadde førestilt oss, seier
forskar Samson Øpstad.
Lone er eit av samlingsområda for hjort i ytre deler av Fjaler.
Trekkvegane går både nord-sør og aust-vest. I tillegg er
oppvekstforholda optimale med tett vegetasjon i lett kupert terreng og
kort veg ut til meir snøfattige kystområde.
Men beitepresset frå ein stor og kanskje veksande hjortestamme
merkast fleire stader både i Fjaler og andre deler av fylket. For tre
år sidan oppmoda Vestre Fjaler Bondelag Planteforsk Fureneset fagsenter
om å sjå nærmare på problema som hjorten skapar på innmarka.
To prosjekt
– At det er mykje hjort i området er erkjent også av
forvaltingsorgana. Arealet som ligg bak kvart fellesløyve er redusert
med 75 prosent i høve til normalen, for å få ned hjortestamma, seier
Samson Øpstad.
Forsøksprosjekt vart sette i gang for to år sidan, på Radøy i
Nordhordland og på Lone. Tidlegare har vore gjort forsøkt på eldre
eng, no vart fokus sett på attlegg og 1-årig eng.
På kvar forsøksplass vart to like felt isådde med fem ulike
grasartar, for å sjå kva hjorten beitar hardast på og korleis
plantene reagerer. Det eine feltet vart stengt for hjort med eit høgt
gjerde. Grasveksten har blitt kontrollert om våren, ved 1. slått, 2.
slått og om hausten for å sjå verknadene av hjortens beiting.
Flere nyheter finner du på: www.firda.no