EVANGER SYD HJORTEVILTVALD

Årsmelding og fellingsrapport for 2001                                           Årsmelding og fellingsrapport for 2001 i Pdf format  

 

Hjortajakta i haust starta bra. I fyrste perioden vart det felt 7 dyr. Dette teikna bra for andre perioden. Det vart rapportert om bra med dyr i terrenget. Dyra som mangla året før, hadde gjort sin entre.

I andre perioden vart det felt 12 dyr til, slik at det enda på 19 felte dyr. Dette var ein auke på 6 dyr frå året før.

I den austre delen av valdet var det bra med dyr i år og, medan det i den vestre delen var ein klar auke. Der var det sett meir dyr enn året før.

Organiseringa av jakta var stort sett som året før. Det som var nytt var at Skjerven-Hyljarås leigar ut jakta.

Valdet fekk tildelt fellingsløyve etter avskytingsplanen som me har som driftsplanområde.

Dette var 25 løyver fordelt på: 25% kalv, 25% ungdyr, 20% vaksne koller og 30% vaksen bukk.

Grunnen til at tildelte løyver gjekk ned frå 33 til 25,var at Utmarksnemda ville ha ei tildeling som samsvarde bedre med rett avskyting i valda.

På styresmøte i valdet den 28 juni 2001 vart løyva fordelte på grunnlag av felling dei siste 5 åra.

Det vart delt ut 25 løyver med 2 ekstra løyver som valdet disponerer der det er behov I slutten av jakta.

Kommunane har overteke forvaltingsansvaret frå viltdirektoratet og inntektene av fellingsløyva. Som ei takk frå direktoratet til kommunane, så skal det no berre betalast inn for felte dyr.

I valdet vart det bestemt at det vart betalt inn kr. 50,- til administrasjon og kr. 100,- til ettersøk pr. tildelte dyr på forskot, og for felte dyr etter jakta.

Prisane i 2001 var: vaksen hjort kr 300,-  kalv kr 180,- og ettersøk kr 100,-

Valdet fekk tildelt 2 elgløyver - 1 vaksen hann og 1 kalv.

Prisane her er:: vaksen elg: kr 400,- kalv kr 230,- og ettersøk kr 100,-

Fellingsresultat hjort

19 dyr fordelt slik:

 

3 eldre bukk

4 eldre kolle

4 ungdyr bukk

3 ungdyr kolle

1 kalv bukk

4 kalv kolle

Fordelinga i jaktfelta

Torfinno-Sagelva

1 hannkalv,1 hokalv,1ungdyr bukk ,1 ungdyr kolle, 3 koller

Hyljarås-Skjerven

1 bukk

Mykkeltveit

1 hokalv

Hernes

1 ungdyr bukk, 1ungdyr kolle

Hjørnevik

2 ungdyr bukk, 1 bukk, 1 kolle.

Rasdal

1 hokalv

Bolstad

1 hokalv,1 ungdyr bukk, 1 ungdyr kolle, 1 bukk.

 

Tilsaman 19 dyr. Dette er 6 dyr meir enn året før.

Felte dyr utifrå tildelte løyver: 19 av 25 tildelte = 76%

(I Voss kommune låg denne på ca 50%)

 

Felte dyr ut ifrå areal: 19 av 38 mogelege = 50%

 

Fordeling (avskytingsplan i parentes)

Kalv 20% (25%) , Ungdyr 28% (25%), Koller 16% (20%), Bukk 12% (30%)

 

Elgen glimrar med sitt fråver. Det var ein usikker registrering av spor i haust

 

Av tilbakemeldingar og sett hjort skjemaet ser ein at det er sett meir dyr i haust. Dette er særleg i den vestre delen av valdet. Det er meir trekk vestover I valdet. Vinteren var fin for hjorten og den sto høgt oppe det meste av vinteren.

Det er realistisk og tru at hjortestamma er aukande.

Dette er noko som sett hjort skjemaet kan hjelpa oss med og gje oss ein peikepinn på, så eg vil legga vekt på at alle framleis er samvetsfulle med utfylling og innlevering av dette.

Elgen glimrar med sitt fråver. Det var ein usikker registrering av spor i haust.

 

Så vil eg som før takka for jakta no og på ny seia tvi - tvi til neste jakt!

 

Evanger torsdag, 7. februar 2002

Jan Rasdal