Borghild og Olav i Rasdalen:
Rasdalen ei -
naturperle på Voss

Borghild og Olav ovanfor heimegarden, med Rasdalsvannet i bakgrunnen. Lengst bak i biletet ser ein garden Tufte.
| Som så mange andre avsides grender, har også Rasdalen lide den triste lagnaden som fråflyt- ting inneber. På det meste, i byrjinga av dette århundret, var det kring 60 personar som livnerte seg på dei 10 gardsbruka som då var i drift. Bruka låg spreidd på nedre og øvre Rasdalentil Tufte, Holo og lengst inne Rørbakken.I dag er einast fem fastbuande tilbake her i fjellgrenda tre-fire hundre meter ovafor Bolstad: ekteparet Borghild(74) og Olav(80) Rasdal, vidare Guri Tufte(80), Andreas Tufte (87) og sonen hans Ansgar(50). |
SJUR HERRE
Dei fyrste tre kilometrane opp frå Bolstad er vegen steilbratt med ei "endelaus" mengd av svingar. Men når ein fyrst er oppkomen, vidar det seg slik ut at ein skulle tru ein var komen i ei heilt anna verd. Og mest lengst inne i dalen ligg sjølve naturperla - med Rasdalsvannet som eit smørauge i det heile
Ekteparet Borghild og Olav Rasdal har begge levd heile livet sitt her oppe, langt fra støy og bråk, og har aldri kunne tenka seg noko anna.
Gift med nabojenta
Borghild kjem fra nedre Rasdalen, meda Olav er fødd på heimegarden, lengre opp i øvre Rasdalen. - Så du var ikkje lange vegen av garde for å finna deg kone, du Olav? - Nei, i så måte var eg doven, ler Olav hjarteleg, og peikar ut gjennom stoveglaset ned på ein bakketopp for å visa kvar han fridde. Og til neste år er det sanneleg 50 år sidan, - nei, du verda så tida går, seier Olav undrande. - Der nede på bakketoppen, eller Skaret som høgdedraget heiter, samlast alltid ungdommen før i tida, seier Olav og minnest det var mykje moro og eit yrande liv, men no er det tomt og stuseleg.
18 skuleborn
Olav Rasdal fortel vidare at då det var 10 bruk i drift her opp, og det budde mellom 50 og 60 personar, var det heile 18 skuleborn i dalen. Skulestova var i nestegarden, men i 1954 vart det bygd nytt skulehus i nedre Rasdalen. Denne var brukt fram til 1964 då krinsen vart nedlagd på grun av for få skuleborn.
Hesten levde lengst
- Kva er det så folket her oppe har livnært seg på opp gjennom tidene? - Det er stort sett gardsdrift, og då fyrst og fremst med smale og kyr, fortel Borghild og Olav, som båe tykte det var tungt å kvitta seg med dyra for eit par år sidan, og hesten hadde dei heilt fram til i fjor. Det vart berre til at han stod på stas. Utslept vart han berre for lufting.
Skogsdrift og då vesentleg vedhogst har vore ei god og kjærkome attåt inntekt for garbrukarane her oppe i fjellgrenda. I tillegg til jordbruk, har det også vore ein god del jakting på både fugl og hjort. Fisken har dei kunna hausta så og seia utanfor stovedøra i Rasdalsvatnet.
- Men korleis fekk de gardsprodukta til Bolstad før vegen kom til tuns i 1954? - Det var i hovudsak smør me leverte jamleg, og det vart bore på ryggen til Bolstad ein gong i veka. Heim att hadde me med oss småvarer. Men når hausten kom brukte me hesten for å få vetramat som m.a spekesild i tønner og sekkevis med mjøl til baking til husa. Me måtte hamstra, seier Olav, for då snøen kom så var det så ymest med framkomsten

Her i Skaret fridde Olav til Borghild for 50 år siden - og fekk ja! I bakgrunnen heimegarden med det nye bustadhuset.
Lang kyrkjeveg
I eldre tider brukte dei i Rasdalen kyrkja på Evanger, og kyrkjevegen vart lang om Tufte og ned dalføret til Hjørnevik. Her lånte dei seg båt og rodde til Evanger. Ein kan berre tenkje seg til kva slags slit det var ved gravferder å få likkista til kyrkje.
Veg i 1954
- Men det vart lettare å bu i Rasdalen då vegen kom fram til tuns i 1954, og straum og telefon i 1955, synest Borghild, som i dag berre ringjer til handelsmannen etter varer. Kvar tysdag kjem det så varebil til tuns. Dette er både godt og gale, legg ho til, fordi det vart meir sjeldan me er nede i bygda og møter folk.
Men både Borghild og Olav set umåteleg stor pris på postmannen sin, Olaf Helland som dagleg kjem til tuns med nytt nede frå bygda.
Ellers får dei også jamleg besøk av dei tre døtrene, Ingfrid og tvillingane Jenny og Kristina med familiar.
Etter at vegen kom i Rasdalen, vart det også fart i hyttebygginga, og i den seinare tid er det oppført ca. 30 hytter.
Berre for nokre år sidan flytte Borhild og Olav inn i nytt hus - som eldste dottera deira, har ført opp på garden og her har dei det triveleg og komfortabelt. Og her vil dei bu så lenge helsa tillet det.