EIT NYTT VERDSBILETE

 

Kyrkja kjemper mot det nye verdsbilete
I mellomalderen og i starten på renessansen hadde kyrkja svært stor makt over folk, over deira liv og oppfatningar. Kyrkja held fast på at jorda var midtpunktet i verdsrommet, dvs. eit geosentrisk syn på universet. Jorda var i midten, alle planetane, stjernene og sola gjekk i bane rundt jorda. Den vanlege oppfatninga blant folk var at jorda var flat og låg i ro. Planetane og sola gjekk i baner rundt jorda, og desse banene var heilt perfekte sirklar. Planetane var også heilt perfekt sirkelforma. Det var jo Gud som hadde laga det slik, og det Gud skapte måtte jo vere perfekt. Mellom planetane var det ein "gass" som vart kalla eter, og heilt ytst, ut forbi stjernene var himmelen kor Gud regjerte.

Dei som prøvde å stille spørsmålsteikn ved denne ordninga gjekk kyrkja til åtak på. Kyrkja meinte at ho hadde svar på alle viktige spørsmål i livet og kravde at folk var lydige mot det paven og prestane sa. Vitskapsmenn som meinte noko anna kunne ikkje fortelje det fritt, dei måtte innrømme at dei tok feil og be om bot og betring. Nicolaus Copernicus torde ikkje å offentleggjere sine meiningar før han låg på dødsleiet. Galileo Galilei måtte ta tilbake sine påstandar om planetane. Somme vitskapsmenn vart avretta eller fekk hard straff fordi dei hevda noko anna enn det kyrkja meinte var rett, det var blasfemisk. Giordano Bruno vart brent på bålet for sine meiningar. Vitskapsmenn som hevda noko anna enn kyrkja kunne verte støytt ut frå kyrkja, dvs. dei kunne verte lyst i bann. Ein som vart støytt ut av kyrkja var å rekne som kjettar, og kjettarar vart brent på bålet. Det var Inkvisisjonen som var kyrkja sin reiskap i dette arbeidet.

Vitskapen vinn fram

Frå 1400-talet vart det meir og meir vanleg å gjere forsøk som vitskapsmann. Alle ting skulle undersøkast, skjerast i og fiklast med. I middelalderen skulle naturforskarar ikkje gjere forsøk, dei skulle tenke seg til korleis ting var ved å sjå og ta på dei. Det var blant anna strengt forbode å skjere i døde menneske for å finne ut korleis det ser ut innvendig. Leonardo da Vinci var ein av dei første som kutta opp lik for å finne ut korleis musklar og indre organ var. Han måtte gjere dette i stor løyndom. Han skar opp lik frå kyrkjegardar om natta. 

Mange vitskapsmenn undersøkte himmelen og planetane rundt oss. Dei såg at planetane ikkje var perfekt sirkelforma og dei gjorde målingar som streid mot at planetbanene var perfekte sirklar. Dei gjorde derfor opprør mot kyrkja sitt syn på dette. Dette vart sjølvsagt paven arg på, korleis kunne noko som Gud hadde skapt  vere uperfekt. Frå rundt 1500 var ikkje vitskapsmennene lydige tenarar for kyrkja lenger, kyrkja sine trugslar om bannlysing hadde ikkje slik effekt lenger. Makta som kyrkja hadde over folk sine meiningar minka mykje på denne tida. Vitskapsmennene kasta seg nå over studiet av naturlovene og granska naturen på alle baugar og kantar. Dei prøvde å finne nya svar på mange av dei gamle spørsmåla. Til dømes, kven er vi menneske, korleis har vi vorte skapt, korleis skjer ting i naturen, kva er universet, korleis har jorda vorten laga, kva består sola av, korleis har universet vorte danna, kva er planetane og korleis har dei vorte danna?

Nå fann ein ut at jorda ikkje var flat. Copernicus fann ut at planetane går i bane rundt sola, også jorda går i bane rundt sola. Eit system der sola er i sentrum vert kalla heliosentrisk. Johannes Kepler fann ut banene er ikkje sirkelforma, men elliptiske. Mange nye planetar vart oppdaga i tida frametter og det vart oppdaga måner rundt nokre av planetane, blant anna av Galilei. Før hadde ein vore redd for å ramle ut for jorda, for når jorda var flat måtte der vere ein kant der vatnet rant utfor. Når ein fann ut at jorda var rund betydde det at ein kunne segle rundt heile jorda, berre der var vatn heilt rundt. Columbus var ein sjømann som meinte at jorda var rund og at ein kunne kome sjøvegen til India ved å segle vestover. Han trudde jorda var mykje mindre enn ho er, og trudde han hadde kome til India då han trefte på Amerika. Derfor heiter urinvånerane i Amerika for indianarar.

Det vart utover i renessansen meir og meir vanleg med eit positivt og optimistisk syn på kva menneske kunne klare sjølv. Einskildmenneske kjem meir i sentrum og kan utrette store ting. Dette vart ei kjelde til inspirasjon for mange. Folk vart oppmuntra til å tenkje sjølv og stole på eigne vurderingar.

I renessansen hadde vitskapen sterk innverknad på kunsten. I barokken vart desse ideane for kompliserte og stimulerte ikkje kunstnarane sin fantasi lenger.

 

Her kan du lese meir om nokre av dei vitskapsmennene som var med på å endre det gamle verdsbilete: 

Nicolaus Copernicus

Galileo Galilei

Giordano Bruno

Johannes Kepler

Tycho Brahe

Isaac Newton

Leonardo da Vinci

 

Her kan du lese meir om det nye versbilete på Internett:

Filosofer- Det nye verdensbildet
Filosofene gjennom tidene har fundert mye og lenge om jorda og universet.

 

Tilbake til toppen

Tilbake til historiesida

Tilbake til hovudsida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000