Johannes Kepler (1571-1630)

 

Johannes Kepler vart fødd i Weil der Stadt, ein liten by utafor Stuttgart, i Tyskland. Då han var 13 år starta han på den evangeliske klosterskulen i Adelberg. Her studerte han bibelen, men og matematikk og astronomi. 18 år gamal starta han på universitetet i Tübingen. I 1594 vart han lærar i matematikk i Graz, i 1601 vart han lærar i Praha. Han vart Tycho Brahe sin assistent i Praha, og vart Brahe sin etterfølgjer som keisarleg astronom der. Kepler gav eit stort bidrag innan astronomi, optikk og matematikk. Han skreiv blant anna ei bok om lysbryting og kikkerten sin teori.

Han er mest kjent for sine lover om planetrørsle rundt sola, der planetane gjekk i elliptiske baner og ikkje i sirkelbaner som ein trudde før. Han brukte 22 år på utrekningane som leda opp til desse lovene. Desse lovene vart utleda med utgangspunkt i Brahe sine observasjonar av planetane sine rørsler.

Kepler sin første lov er slik :  
Planetane rører seg rundt sola i ellipsebaner med sola i det eine brennpunkt.

Kepler fant også ut at planetane ikkje hadde jamn fart i sine baner rundt sola. Farta endra seg med avstanden til sola, dei går raskare til nærare sola dei er. 

Universet var i følgje Kepler eit ordna univers, der Gud hadde skapt alt så vakkert som mogleg. Denne orden kunne utrykkjast matematisk og at Gud hadde skapt ved hjelp av matematiske modeller. Dersom ein kunne finne desse modellane ville ein forstå korleis heile universet fungerte. For å få til det var fysiske observasjonar svært viktig.

Kepler var med å byggje bru over det gamle synet på universet, som var noko som låg fast med eit uforanderleg kosmos, til det nye bilete som var over eit system i rørsle og som var underlagt matematikken sine lover.

                   

 

Her kan du lese meir om Kepler på Internett:

Kepler, Johannes- Om naturvitenskapen som lovprisning til skaperen
Sofies kosmologiske verden
Johannes Kepler
Tre lovene
Meir om Kepler

 

Tilbake til side om det nye verdsbilete

Tilbake til historiesida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000