Galileo Galilei (1564-1642)

 

Galileo Galilei vart fødd i Pisa i Italia. Han var utdanna i matematikk og var professor ved universitetet i Firenze. Astronomi var noko som interesserte han sterkt, og interessa auka då han høyrde at det gjekk an å lage kikkertar ved å setje saman brillelinser på spesielle måtar. Galilei lage ein kikkert som kunne forstørre 32 gonger.              


Bilete av Galilei sit teleskop


Bilete av linsa Galilei brukte i teleskopet sitt

Kikkerten gjorda at alt vart større og ting såg ut som om dei var mykje nærare enn dei verkeleg var. Med den oppdaga han fjell på månen og flekker på sola. Galilei fant at månen si overflate var ujamn, med høgder og fordjupingar. Dermed måtte ein forkaste tidlegare teori om at alle himmellekamar var heilt glatte og perfekte. Månen hadde også mørke flekkar, som Galileo trudde var vatn. Han oppdaga at mjølkevegen bestod av ei rekkje stjerner. Han oppdaga og måner rundt andre planetar, blant anna oppdaga han fire månar rundt Jupiter. Han tenkte seg at planetane i vårt solsystem, deriblant jorda, gjekk i bane rundt sola slik som desse månane gjekk i bane rundt Jupiter. 

Galilei skreiv ei bok (Dialog om de to store verdssystem) om det han hadde observert og funne ut. Boka vart lesen og diskutert i store delar av Europa. Paven likte dette dårleg, kyrkja meinte det Galilei skreiv var i strid med det som stod i bibelen. Galileo Galilei vart i 1633 stilt for inkvisisjonen og tvinga av kyrkja til å ta tilbake sine påstandar om at planetane gjekk i bane rundt sola. Han vart truga med bannlysing og brenning på bålet. Han var satt i arrest før han forkasta sine eigne oppdagingar. Sjølv om han vedgjekk at han hadde tatt feil måtte han sitje i husarrest på godset sitt i Firenze resten av livet.

Galileo stilte spørsmål som han prøvde å få svar på. Han var ein av dei første som arbeidde slik forskarane gjer i dag og. han bygde sine kunnskapar på observasjon, eksperiment og målingar. han er derfor kjent som den som grunnlagde den moderne, eksperimentelle naturvitskap. Han fant på omgrepet akselerasjon, han oppdaga fallovene og la grunnlaget for mekanikken


Klikk på bilete for å ein større bilete av Galilei

 

Her kan du lese meir om Galilei på Internett:

Sofies kosmologiske verden
Galilei, om hans kamp mot kyrkja

 

Tilbake til sida om det nye verdsbilete

Tilbake til historiesida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000