Giordano Bruno (1548-1600)

 

Giordano Bruno vart fødd i Italia kort etter at Copernicus døydde. Han var ein italiensk filosof. Frå 1563 var han medlem av Dominikanarordenen. Han fekk etter kvart eit ikkje-kristent syn på Gud og måtte derfor forlate Dominikanarane. 

Han var samd med Copernicus om at sola var i sentrum og at alle planetane gjekk i bane rundt sola. Bruno gjekk ennå lenger, han påstod at universet var utan grenser. Det medførte at det ikkje var nokon himmel til Gud utafor det laget som stjernene var i. Han fjerna på ein måte plassen til Gud, frå der kyrkja meinte den var. Han meinte og at Gud hadde skapt mange verder, ikkje berre vår. Det gjekk mot kyrkja sitt syn om at vi menneske var spesielle overfor Gud, vi vart med det mykje meir ubetydelege. Bruno meinte at desse andre verdene låg langt borte og at alle stjernene på himmelen var soler slik som vår sol. Desse solene var sentrum i sine solsystem, og hadde planeter rundt seg slik som det var i vårt solsystem. 

Kyrkja vart sjølvsagt rasande over at Giordano gjorde jorda og dermed oss til eit lite støvkorn i verdsrommet, kanskje langt borte frå Gud sitt åsyn. Giordano Bruno vart sett i fengsel i år 1593 av inkvisisjonen og vart brent på bålet som kjettar i 1600.


 

Her kan du lese meir om Bruno på Internett, på engelsk:

Giordano Bruno

 

Tilbake til sida om det nye verdsbilete

Tilbake til historiesida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000