SPANIA (1400-1750)

 

Det spanske imperium oppstår
Spania og Karl den femte
Spania etter Karl den femte

 

Det spanske imperium oppstår

Oppdagingane av sjøvegen til India og det nye kontinentet i vest, Amerika, førte til mange og store endringar i Europa. Lenge hadde dei portugisiske og spanske kongane einerett til å handle med koloniane, både i aust og vest. Dette medførte at desse to landa vart tilført enorme rikdomar, og dei vart derfor svært mektige. Tilførselen av varer til desse to landa og seinare også Holland, Frankrike og England gjorde at handelen innan Europa auka kraftig og. I dei fleste statar styrte ein konge eineveldig, så også i Spania. Frå koloniane i aust kom slike varer som ris, kanel, karri og vanilje. Frå koloniane i Amerika kom det til Europa poteter, mais, kaffi og sjokolade. Poteten redda mang ei sjel frå hungersnaud i Europa.

På 1400-talet var dei sørlege delane av Spania under muslimsk herredøme og nordlige Spania var delt inn i små kongedøme. Ferdinand og Isabella, herskarane av to av desse småstatane, gifta seg og gjekk inn for å samle Spania til eit rike og å drive ut muslimane. Det klarte dei og då var vegen open for den store spanske ekspansjon. I 1492 utrusta Ferdinand og Isabella Columbus med tre skip for å finne ein ny sjøveg til India. Det vart starten på Spania sitt oversjøiske imperium. Dette imperium var berre avgrensa av transportkostnadane. Handelen over Atlanterhavet auka raskt og vart åttedobla mellom 1510 og 1550. I første omgang bestod den spanske økonomiske aktiviteten i Amerika av plyndring. Seinare, da det ikkje var meir igjen å plyndre, starta dei å utvikle andre verksemder (som gruvedrift), alle bygd på tvangsarbeid. 

Spania og Karl den femte

Samtidig med at det oversjøiske imperiet vart utvikla kom Spania til å verte senter for eit europeisk imperium. Framveksten av dette imperium er knytt til Karl den femte. Han var født i år 1500, som son av Filip av Austerrike og Johanna, dotter av Ferdinand og Isabella av Spania. I 1506 arva han Austerrike og Nederlandene etter faren, og i 1516 arva han Spania og det oversjøiske imperiet etter morfaren. Da den tyske keisar Maxmillian døyde i 1519 vart Karl valt til hans etterfølgjar som hellig tysk-romersk keisar. 

Det kom til å vere krig mellom Spania og Frankrike, med enkelt avbrot, heilt fram til begge var bankerott og Karl V abdiserte i 1556, og enda noen år lenger. Både Frankrike og Spania søkte dominans i Italia, Spania oppnådde å få kontroll over de viktigaste handelsbyane i Italia med unntak av Venezia.

Imperiet var stort og mangfaldig. Det utgjorde på ingen måte noko eining. Det som heldt imperiet saman var fyrsten. Da Karl V ble krona til keisar over det hellige tysk-romerske riket styrte han over Spania, Nederlandene, forskjellige deler av Tyskland, inkludert Austerrike, Bøhmen, Ungarn, Franche-Comte, Milano og dei spanske områda i Middelhavet (Napoli, Sicilia, Sardinia og Balearene). 

Karl V var fyrste over nokre av dei rikaste og mest avanserte områda i Europa, Sør-Tyskland, Burgund og dei norditalienske byane. Flandern var eit av dei rikaste og mest avanserte områda i Europa, mykje betre utvikla enn Spania. Den viktigaste byen i dette området var Antwerpen. Antwerpen hadde vorte den mest sentrale by i den europeiske økonomien. Antwerpen batt middelhavshandelen saman med austersjøhandelen og den transkontinentale handelen via Tyskland, og batt også England og Portugal til den europeiske økonomien. I tillegg hadde Antwerpen tidlig i det sekstende hundreår vorte Europa sin viktigaste pengemarknad. 

Spania var i ikkje berre i krig mot Frankrike, men måtte også føre ein langvarig krig mot Tyrkia (1521-1543), som hadde gått til åtak på Ungarn og Austerrike. Dessutan kom reformasjonen i Tyskland i denne tida og skapte vanskar for Karl V. Dei protestantiske fyrstane hadde i 1531 stiftet det schmalkaldiske forbund til felles vern, og i 1540 var størstedelen av Karls tyske riket protestantisk.

Dei europeiske statsdanningane var i stor grad bygd på eit kompromiss mellom kongen og adelen (og nokre gonger også byane), der adelen til gjengjeld for å godkjenne kongens makt fekk delta i styret både ved å ha viktige poster i administrasjonen, og ved å få delar av landet å styre over. Dette fekk dei utan å ha spesielle kvalifikasjonar. Dette styresett var lite effektivt og temmeleg tilfeldig. Det var gjennomført korrupt, og det hadde naturligvis ingenting med demokrati å gjere. Kongen styrte gjennom eit samarbeid med dei lokale bossane, der dei lokale bossane hadde svært stor makt. 

Fram til 1540 betalte Italia og Nederlandene ein stor del av Karl sine utgifter, men etter 1540 måtte han i større grad hente inntektene sine i Castilla i Spania og frå dei amerikanske koloniane. Resten av imperiet vart tilskodarar.

Fram til 1560 var Toledo hovudstad i Spania. Deretter vart Madrid hovudstad.

Spania etter Karl den femte

Då Karl 5. døydde i 1550, arva sonen hans, Filip 2. dette stort rike. Under Filip vart Spania ei ennå viktigare stormakt. Filip var ihuga katolikk og kjempa mot reformasjonen i Europa. Ved å bruke Inkvisisjonen utrydda han protestantismen i Spania, men han tapte landområde i nordlige Europa. Kong Filip 2. kom i konflikt med England og dronning Elizabeth 1. Han kjempa for den katolske trua mot Elisabeth som var protestant, og begge hadde sjølvsagt Gud på si side. Filip 2. utrusta derfor ein stor flåte, som skulle knuse England. Den såkalla "Uovervinnelege Armada". Spania tapte sjøkrigen mot England, og det svekte det spanske riket. Etter Filip sin død gjekk det nedover med Spania. Det tok etter kvart slutt på gullet og sølvet frå koloniane og. Frå 1600-talet var det slutt på Spania som stormakt. Frå midten av 1600-talet og fram til i dag har Spania vore heller uviktig som maktfaktor i Europa.

Her kan du lese om den spanske armada.

Her kan du lese meir om Spania på Internett:

Spania 1500-1750
KARL V (1500-58), son av Filip av Austerrike

 

Tilbake til toppen

Tilbake til historiesida

Tilbake til hovudsida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000