Den spanske armada

 


Armadaen vert bygd

England ført bak lyset

Sanninga sitt augneblink
Klar til kamp
Uveret slår til igjen

Armadaen vert bygd

I 1584, to år før Mary Stuart sin død, tok spanskekongen til å byggje ein krigsflåte som skulle verte den største denne verda til då hadde sett. Målet var ikkje å nedkjempe ein politisk stormakt. Innsatsen var retta mot protestantismen i England. For ein så edel sak, var ikkje noko slit for stort og inga statskasse for lita. På ein meir enn 2000 km lang strekning, vart kvar einaste brukbare hamn omgjort til eit skipsverkstad. Den spanske inkvisisjonen med sine 10 000 av soldatar, trengte mange skip for å knuse dei "kjetterske" (protestantiske) engelsk- mennene.

Den ferdigstilte armada hadde hamstra proviant for 6 månader i tillegg til kanoner, krut, kuler og sverd, meir enn nok til å slakte nedkvar aktiv protestant som kunne la seg identifisere. Armadaen bestod av 130 skip, 20 000 elitesoldatar og 8000 katolske sjømenn, alle dyktige med våpen. I tillegg var det også mønstra på skipa ein stor gruppe frivillige fyrstar og adelege stormenn. Dei rekna med ein enorm seier og ynskte å ha sine namn med på listene over dei som hadde gjort ende på det protestantiske fråfallet. Men det kunne også hende at det var gull og sølv å finne i dei engelske borgene. Slike gullkanta forventningar skaper lett motivasjon og patriotisme. Men alt skulle sjølvsagt skje i Guds namn.


Spansk gallion

Historia fortel vidare at dei bar om bord 2650 tunge våpen. Til saman var vekta på våpna om lag 60 000 tonn. Dette var ein enorm mengde når den vart samanlikna med England sine 28 relativt små krigsskip. I alt var engelskmennene sin samla kanonstyrke berre lik det eitt av dei største spanske skipa rådde over. Det må også nemnast at dei spanske krigsskipa var spesialbygde og hadde ein til då uhørt styrke. Skipssidene var i tillegg til vanleg tømmer også forsterka med 4 tommar tjukke plankar. Spanske ekspertar rekna ut at dei engelske 

 kanonkulene ikkje ville vere i stand til å lage eit einaste hol
i nokon av dei 130 skipa. Rundt kvar mast var det surra tjukke trosser smurt inn med eit hemmeleg produkt som skulle slokne ein kvar brann. 64 av krigsskipa var gallionar. Dei var så høge at dei såg ut som flytande småbyar.

England ført bak lyset

Mens armadaen vart bygd, prøvde spanjolane så godt dei kunne å skjule for engelskmennene kva dei haldt på med. Det vart sett ut rykte om at kong Filip ein gang for alle ville reinse alle verdshav for piratar og at flåten skulle brukast til dette føremålet. Den falske informasjonen verka. Bare femten dagar før invasjonen, sa den kjente engelske statsmannen Walsingham, at eit spansk åtak på England var utenkjeleg.

Planen var at to flåtar skulle gå til åtak på England. I Nederland hadde ein separat krigsflåte vorte bygd og ideen var at den skulle samarbeide med den spanske armada når den nådde den engelske kanal. Den nederlandske flåten bestod av om lag 30 krigsskip, men hadde i tillegg støtte frå fleire hundre mindre båtar. Hertugen av Parma, Filip sin guvernør i Belgia, som også var general, ble utpeikt til å lede den nederlandske invasjonstroppen. Katolikkane arbeida intenst med å roe ned det engelske kongehus. Dronning Elisabeth sendte ein delegasjon til Nederland for å gjere England sin uro kjent. Med tårer i auga fortalde general Parma dei engelske utsendingane, at han kvar morgon og kveld bad den gode Gud om fred på jorda og at han sjølv hadde sverja å vie sitt liv til denne evige freden. Han påsto også at det stolte, frie og uavhengige England var alle hollendarar sitt store ideal.

Som ei førebuing til invasjonen, skreiv pave Sixtus V ein bannbulle retta mot den engelske dronninga. I dette dokumentet vart det engelske folk fritatt for å lyde sitt kongehus og spanskekongen ble erklært å vere England sin rette konge med velsigning frå paven i Rom. Samtidig vart erkebispen av Canterbury i all løynd utnemnd til paven sin utsending i England. Erkebiskopen fikk bannbullen oversett til engelsk og planen var at den skulle gjerast kjent straks den spanske armada hadde nedkjempa dei engelske krigsskipa.

Sanninga sitt augneblikk

Plutseleg bråvakna England. Altfor seint forsto regjeringa kva som kom til å skje. Kva skulle dei gjere ? Nokre få soldatar og ein liten marine ville ikkje ha ein sjanse mot fienden. Den vesle engelske hær vart i all hast delt inn i tre kompani. Eit kompani skulle forsvare hovudstaden, eit skulle verna dronninga og det tredje skulle forsøka å møte spanjolane der ein rekna med at landinga ville finne stad. Den engelske marinen rådde over mindre enn 30 skip og under 6000 mann, og dei fleste av dei var vanlege sjøfolk. Mange av båtane var ikkje større enn at dei vart rodd av seks til åtte personar. Nokre få båtar var mykje større, men ikkje ein av dei kunne måle seg med ein spansk gallion. På kort tid vart alle engelske hamner gjort om til festningar og alle som kunne krype og gå vart gitt våpenopplæring. Alle tenkjelege båtar frå flåtar og prammar til handelsskip vart gjort om til krigsskip.

Flåten vart delt inn i to skvadronar. Den eine vart leia av admiral Lord Howard og var på 17 skip. Deira oppgåve var å patruljere kanalen og straks gje beskjed vidare når den spanske armada var synleg. Den andre skvadronen vart stasjonert ved Dunkirk, og skulle seile og ro mot armadaen og Parma sin flåte frå Nederland. Det engelske mannskapet hadde dårleg utstyr og lite trening, men det vart gjort klart for dei at dei skulle forsvare bibelen sin protestantisme mot ein fiende som ville tvinge på dei eit katolsk og heidenske fråfall.

 Klar til kamp

Armadaen samla seg og måtte vente nokre dagar sidan veret var ugunstig. Da vinden skifta retning, segla dei ut. I dagane 28–30. mai, segla den eine gallionen etter den andre ut mot havet. Aldri før i verda hadde ein så stor flåte vore samla på ein stad. Om bord på leiarskipet, St. Peter, var general og inkvisisjonsleiar Don Martin. Saman med seg hadde han blant anna fleire hundre spesialtrena dominikanarmunkar. Det var disse munkene si oppgåve, ved hjelp av fengsel, tortur og bål, å gjennomføre katoliseringen av England.

Då skipa skulle seile, døyde plutseleg Marquis Santa Cruz, som paven hadde utpeikt som operasjonen sin øvste leiar. Dødsfallet kom heilt uventa og var uforklarleg. Han sat inne med mykje hemmeleg informasjon som ennå ikkje var delt med dei andre kommandørane. I all hast måtte ein annen leiar verte utpeikt. Den søkkrike greven av Medina Sidona kunne ikkje verte forbigått, sidan han hadde gitt ein enorm sum med pengar til å byggje armadaen. Denne mannen var fullstendig uerfaren som kommandør og sjømann. Det gikk rykte om at han aldri før hadde sett sine føter på ein båt. Tabbane denne "landkrabben" etterkvart gjorde, var absolutt ein faktor i det som vidare skulle skje. Slagplanen var at straks dei spanske båtane nådde Calais, skulle Parma sin flåte stikke til havs og møte dei. Saman skulle dei så seile mot og erobre England.

I tre veker med svak vind segla den spanske armada opp langs spanskekysten. Dei store og ekstremt tunge båtane med relativt liten seglføring, var svært langsame i svak bris. Brått og overraskande vart det uver. Dei høge båtane vart som leikebåtar på eit stormfullt hav. Sjøfolka prøvde å trimme segla, men vinden synes hele tida å skifte retning, slik at all tid gikk med til trimming av segla. Etter nokre døger var båtane spreidd over eit stort område og fullt kaos oppstod. Dei lite sjøvante soldatane og alle dei katolske gjestane som var med, var til liten nytte sidan dei ikkje var sjømenn. Dei hadde problem nok med sin eigen sjøsjuke. Etter nokre dagar stilna uvêret, og dei fleste skip samla seg og tok igjen til å seile mot England.

     



Gallionar vert skotne i senk

Uveret slår til igjen

Like brått som første gang, slo ein ny storm til. Nokre skip sokk med alle ombord, andre dreiv ukontrollert til franskkysten og gjekk på grunn. Men igjen la stormen seg like brått som den tok til. Dei resterande skipa samla seg igjen for å fullføre invasjonen. Den 29. juli nådde dei den engelske kanal og engelskmennene kunne for første gang sjå fienden. Vardane over hele England vart tent. Dei som hadde våpen i handa gjorde seg klare, de andre gjekk til kyrkjene og bedde.  

Heile natta gjekk med til å klargjere dei engelske skipa. Tidleg om morgonen segla dei ut mot den enorme overmakta. Igjen tok det til å blåse. Det var ingen naturleg storm, men havet synes å "koke" med bølgjer langt større enn veret tilsa. Dei høge spanske krigsskipa  svaia som eggeskal på havet og mannskapet kunne ikkje gjere stort anna enn å halde seg fast.

Sidan dei enormt store kanonane sto nagla fast, kunne dei bare verte nytta når fienden låg rett ut mot skipet si breiside. Dei små engelske skipa, med gode sjøfolk og erfarne fiskarar, hadde ikkje vanskar med å manøvrere i den grove sjøen. Dei haldt seg bak dei spanske skipa og senka den eine etter den andre med skot på kloss hald, retta mot dei sårbare akterpartia. Ofte var eitt skot rett under vasskorpa nok til at gigantskipa starta å ta inn vann. Engelskmannen Francis Drake vart ein stor helt i England på grunn av måten dei engelske skipa senka dei store spanske gallionane. Han var ansvarleg for taktikken til engelskmennene.

         


Francis Drake

Uveret spreidde armadaen og skipa kunne ikkje lenger hjelpe kvarandre. Då dei største båtane starta å sokke utan at dei makta å fyre av eit einaste skot, oppstod det panikk og total forvirring blant spanjolane. Dei bad, korsa seg og klamra seg til prestane for å få hjelp. Alle prøvde etterkvart å sleppe unna kvar for seg. Nokre skip klarte å snu, andre drog rundt kysten mot Irland, men ein ny storm møtte dei og 63 skip vart senka.  Då det heile var over hadde ikkje ein einaste spansk soldat sett foten på engelsk jord, men langs strendene låg det tusenvis av spanske lik. Historikarar skriv at mangelfull planlegging, tilfeldige stormar og ukjent farvatn hadde skylda for at den store og mektige katolske armadaen tapte mot den vesle engelske styrken. 

Her kan du lese meir om den spanske armada på Internett:

Da Gud stansa den spanske armada
armada
Francis Drake

 

Til toppen

Tilbake til sida om Spania

Tilbake til historiesida

Tilbake til hovudsida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000