Russland (1400-1750)

 

Tsarriket Russland oppstod på midten av 1400-talet, og i dei neste to hundreåra vart riket langsamt utvida vestover. Sterke herskarar som Peter den store og Katarina II gjennomførte ein omfattande modernisering etter mønster frå Vest-Europa. På 1700-talet nådde Russland både Austersjøen og Svartehavet og vart ei europeisk stormakt. Opphavleg var Russland berre eit lite område rundt Moskva. Området vart styrt av ein storfyrste. Ekspansjon austover var i starten vanskeleg på grunn av mongolane og deira etterkomarar der. Vestover var det vanskeleg på 1400-talet grunn av eit Litauen i sterk vekst. På 1500-talet og starten av 1600-talet var Polen i vekst og avgrensa Russland sin ekspansjon vestover. Storfyrstane i Moskva la med åra meir land under seg, spesielt mot aust fordi mongolane vart svakare og svakare.

Ivan den store (1462-1505) utvida fyrstedøme mykje austover då han vart storfyrste i Moskva. 

I 1547 vart Ivan IV (1533-1584) krona som den første tsar i Russland. Han var barnebarnet til Ivan den store og fekk sjølv tilnamnet Ivan den grusamme. Moskva vart nå hovudstad i det heilage russiske rike. Ivan IV var svært paranoid og nådelaus. Han fekk bygd St. Basil katedralen i Moskva, den vakraste katedral i heile verda. Då katedralen var ferdig, skal Ivan ha fått skrapa ut auga til arkitektane slik at dei aldri skulle kunne lage noko så vakkert ein annan gong. Tsaren tok eigedomane til adelen med makt, og delte ut statseigedomar til dei som tente under han.  Russland vart sterkt utvida austover i tida før Ivan den grusamme og i første del av hans tid som tsar. 


Ivan den grusamme

I 1582 tapte Russland ein krig mot Sverige og Polen. Det førte til at Russland mista tilgangen til Austersjøen. Seinare det året drap Ivan sonen sin i eit raserianfall. Då Ivan den grusamme døyde i 1584 var landet etterlate i nesten totalt politisk og økonomisk kaos. Fjodor, den siste sonen til Ivan IV, arva trona. Han var ein pusling, som overlet til andre å styre. Då Fjodor døyde vart det ennå vanskelegare tider for Russland. Det vart mykje uro blant folket og det vart hungersnaud i landet. 

I 1613 vart Mikhail Romanov valt til ny tsar, Romanov dynastiet skulle herske i Russland i dei neste 150 åra. Fjodor Romanov vart tsar i 1676, han døyde etter berre seks år ved makta. Det russiske rike strakk seg nå heilt aust til stillehavet. Ivan V og Peter I vart oppnemnde som felles tsarar, med deira eldre søster Sofia som utøvande regent sidan dei var så unge. Då Ivan døyde vart Peter eineherskar i Russland, han vart seinare kjent som Peter den store. 

Peter den store utvida det russiske rike kraftig. Han tok landområde nord for landet og fekk dermed tilgang til Austersjøen. Før det hadde ikkje det store Russland nokon hamneby å snakke om. Nå kunne Russland byggje seg ei marine og drive handel sjøvegen. Etter desse kampane der Russland slo stormakta Sverige vart Russland ei stormakt i Europa. Sverige sin posisjon som stormakt vart sterkt redusert. Han grunnla byen St. Petersburg i 1721 og den vart raskt landet sin nye hovudstad. 

Sjølv om Russland var eit stort land hadde det lite kontakt med resten av Europa. Folket var bønder, byane var få og små, og handel og handverk var lite utbreidd. Peter var interessert i alt som skjedde i Europa og sette seg føre å modernisere Russland. Han skulle om så nødvendig modernisere landet med makt. Peter førte mange krigar og det førte til at bøndene, det vil seie mesteparten av folket, fekk det verre mens han var tsar.

Her kan du lese meir om Peter den store.

 

Her kan du lese meir om Russland si historie på Internett:

Brief History of Russia
The Czarist Empire

 

 

Tilbake til toppen

Tilbake til sida om historie

Tilbake til hovudsida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000