Peter den store (1672-1725)

 

Peter I vart fødd 9. juni 1672. Han vart herskar over Russland, saman med halvbroren sin Ivan V, då han var 10 år gamal. Systera Sofia styrte landet som regent i nokre år, men adelsmennene tok frå ho makta. Peter budde sin tidlige ungdom på landet og i selskap med vesteuropearar som kunne lære ham forskjellige handverk. Nokon skulegang fekk han ikkje, men han viste ein imponerande evne til å lære. Ein hollandsk tømmermann, lærte han å skrive, lese, rekne og teikne kart. I denne tida bygde Peter opp ein garde av stallknektar, lærlingar, desertørar og adelsmenn som vart til hans eigen seinare frykta livgarde. Den 1. oktober 1689 kunne Peter vende tilbake til Moskva som alle russarar sin mektige herskar. 

Den syttenårige tsaren vart tidlig gifta bort, men det var mot sin vilje. Han var vokset opp til å bli ein stor og kraftig mann, over to meter, og derfor hadde han godt kvinnetekke. Han innleia et forhold til den unge piken Anna Mons. Hun vart hans trøst i mange tunge stunder. I 1690 fekk han ein son med sin kone. Han vart kalla Alexej, og hans liv vart  lite lysteleg. Peter I var full av energi og gjekk med liv og lyst inn for alt som interesserte han. Han var frykta fordi han kunne vere både oppfarande og brutal. Opprør slo han hardt ned på og han var sjølv med på å straffe dei skuldige, og metodane kunne vere svært brutale.

Russland var eit tilbakeståande land i europeisk samanheng. Det var mest bønder i landet. Peter sette seg føre å gjere Russland til eit moderne land. Då han var 25 år gamal la han ut på ei studiereise til Europa. På denne reisa vitja han Danmark, Tyskland, Nederland og England. Han reiste rundt i Europa i to år. Overalt studerte han alt med stor interesse og samla seg derfor ei mengd med kunnskapar. Overalt vart han møtt med gjestfridom og glede, men ingen forstod denne underlege, store mannen. I Holland gjekk han i lære hos ein båtbyggjar og fekk eit brev på at han beherska båtbyggjarkunsten. Då han kom attende til Russland hadde han med mange handverkarar og tok straks til på arbeidet med å modernisere landet.

For at Russland skulle kunne verte ein moderne nasjon trengte dei tilgang til havet. Det kunne Russland berre få nordover mot Austersjøen, men desse landområda låg under Sverige. Peter gjekk derfor til krig mot Karl XII av Sverige. Han slo Karl og fekk sine sjønære områder. Russland erobra også landområde ved Svartehavet, dette medførte at Russland vart ei europeisk stormakt.

Peter hadde eineveldig makt og tvinga folket til å verte slik som europearane. Dette medførte at dei måtte sjå ut slik som folk i resten av Europa. Bøndene måtte legge om klesstilen og alle måtte klippe skjegget. Skjegg var for Peter eit teikn på det gamle Russland og det måtte derfor bort. Han tok sjølv saksa i hand og klipte skjegget av mange folk. Folk vart tvinga til nye skikkar, det vart bygd skular, bibliotek, trykkjeri, fabrikkar og kanalar. For dei rike og folk i byane vart det betre, men ikkje for bøndene på landsbygda. Peter den store døde 28. januar 1725, ennå ikkje 53 år gamal.

Peter kan reknast som skaparen av det moderne Russland. Historia om ham er brutal, men ikkje minst imponerande. Full av mord, tortur, opprør og andre fælslege ting. Men hans mot er det grunn til til å sjå på med ærefrykt. Han hadde ikkje berre eit parti imot seg, men hele landet si befolkning. Tross denne motstanden makta han å gjennomføre sine reformer.

 

Her kan du lese meir om Peter den store på Internett:

Peter den Store, revolusjonær tsar
Peter The Great
Peter's Russia

 

Tilbake til toppen

Tilbake til sida om Russland

Tilbake til sida om historie

Tilbake til hovudsida

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000