RELIGION:
REFORMASJONEN OGKJETTARAR OG HEKSER
I denne delen av oppgåva om Europa i 1400 - 1750 skal me gå litt inn på reformasjonen og kjettarar og hekser. Kjettarane ligg litt i tid før denne perioden. Derfor har me ikkje gått særleg i djupna om dette her, men det er med for det heng greitt i lag med hekseprosessane. Hovudtyngda av oppgåva ligg på reformasjonen med vekt på Martin Luther. Dette er med både i samfunnsfag og krl-faget for 7. klasse. I denne delen av oppgåva har ein samla opp ein del på eigne sider. Såleis er det eigne sider for: arbeidsoppgåver, ordforklaringar, eksterne linkar og ei side med nokre bilete som ikkje kom med på tekssidene
Steinsdalen, 15.05.00 , Frode Sandven |