ORDFORKLARINGAR TIL HISTORIEDELEN

ORD

FORKLARING

Antikken Perioden frå 500 f.Kr. til rundt Jesu fødsel i Hellas og Roma.
Renessansen Renessanse tyder atterføding. Då vart interessa for antikken fødd på nytt.
Koloni Område som ein stat har tatt utanfor sine eigne grenser, som regel ved makt, og området vert styrt frå moderlandet. 
kjettarar Folk som ikkje var kristne og medlem av det kristne fellesskap.
kolonisering Å erobre andre land/område, mest vanleg å erobre dei i andre verdsdelar enn den verdsdel erobrarlandet ligg i.
Filosofi Det tyder å vere glad i visdom og kunnskapar, eller interesse for å søka sanninga om verden og tilvære rundt oss. Filosofi er å tenke om det å tenke.
kjettar Folk som ikkje var kristne og medlem av det kristne fellesskap.
naturlovene Lover menneske har laga for å forklare kva som skjer i verda rundt oss og i universet.
Resonnere Det er å tenkje seg fram til ting ut frå det du veit frå før, trekke slutningar om noko.
pergament Reinskrapa, utglatta dyrehud brukt til å skrive på.
xylografien Trykkemetode der ein bruker plater av harde tresortar.
litografien Steintrykk. Feit farge vert teikna på sandstein, som så vert handsame med ein gummi/syreblanding og så overført til papir.
epoke Tidsrom/tidsavsnitt. Tidspunkt som innleiar eit nytt tidsrom, til dømes ei tidsrekning.
aktstykke Dokument/bevis
typar Teikn og bokstavar laga av metall, og som har ei viss form.
lavinaktig Spreiar seg utover som eit stort snøskred, farta er rimeleg stor og det dekkjar eit stort område.
avskriving Det er å skrive av bøker for hand, å lage ein kopi.
Columbus Italienar som vert rekna som oppdagar av Amerika.
Vasco de Gama Portugisar som var den første som fann sjøvegen rundt Afrika, til landa i Austen. 
Magellan Vert rekna som den første som segla rundt heile jorda, sjølv om han sjølv ikkje kom fram i live.
pergament Reinskrapa, utglatta dyrehud brukt til å skrive på.
typografi Trykking av ark og bøker med lause typar.
typesnitt Forma på teikna, slik som dei bokstavane dette er skrive med (Times New Roman)
matrise Fordjupa støypeform.
gravering Risse eller skjere i metall og andre harde råmaterialer.
patrisiarslektene Overklasseslekter, nærast adelege.
handverkslaug Samanslutningar av lokale handverkarar. Kvar type handverkar danna sine laug, og ingen kunne til dømes gjere gullsmedarbeid utan å vere med i gullsmedlauget.
foliobind Bøker i stort format, sidene var 30 * 40 cm store.
rasjonalismen Tiltru til fornufta, lære som tek utgangspunkt i fornufta og tenking som kjelde til å forstå verda rundt oss.
naturvitskapen Dei vitskapar som studerar kva som skjer i naturen, i verdsrommet og på jorda. Omfattar botanikk, zoologi, kjemi, fysikk, astronomi og geologi.
Filosofane Dei som søker etter sanninga om verden og tilvære rundt oss. Filosofi tyder å vere glad i visdom og kunnskapar.
moral Skikk og bruk. Regler og normer for kva som er rett og gale i eit samfunn, og oppføre seg i samsvar med desse reglane og normene.
autoritetar Dei som har makt og myndigheit, dei som kan befale over andre. Kan og vere å ha vørdnad på grunn av fagleg dugleik og kunnskap.
liberalisme Den enkelte og deira rettar er viktige, staten sine inngrep overfor den enkelte er ein uting, derfor må staten si makt avgrensast mest mogleg. Størst mogleg fridom for kvar enkelt vil føre til best mogleg resultat for samfunnet som heile.
individualisme Holdning eller syn som legg hovudvekt på den enkelte sin rett og verdi i forhold til organisasjonar, myndigheiter og samfunn.
umyndiggjering Det vil seie at du ikkje styrer ditt eige liv sjølv, noko eller nokon gjer at du taper kontroll med eige liv og lagnad.
encyklopedistar Franskmenn som jobba med å samle all kunnskap i eit stort leksikon, all kunnskap skulle vere med i dette leksikon.
franske revolusjon Då gjorde folket opprør mot kongedøme i Frankrike. Kongen vart drepen og nasjonalforsamlinga i landet tok over. Det vart skipa ein republikk i Frankrike.
intellektuelle Dei som vektlegger forstand og kunnskap. Ofte brukt om folk med høg utdanning og som dyrkar høgkultur og filosofi.
renessansen Renessanse tyder atterføding. Då vart interessa for antikken fødd på nytt.
rokokkoen Stilperiode 1720-1770 som oppstod i Frankrike. Prega av eit lett og elegant formspråk.
føyrromantikken Periode i Europa frå 1170 til 1800.
mystikk Lære som seier at ein ikkje får kunnskap gjennom å tenke fornuftig, men gjennom intuisjon og følingsopplevingar. Ekte kunnskap får ein gjennom sansane og ikkje gjennom fornufta og det å tenkje.
pessimisme Ei tru på at livet er meiningslaust og verdilaust, alle framsteg er heilt verdilause. Ein ser svart på alt.
dannande middelklasse Den delen av foket som budde i byen, hadde ein viss grad av utdanning, tente rimeleg godt og derfor var interessert i kultur og filosofi.
folkeopinionen Den meininga som store delar av folket hadde.
Preussia Ein delstat i nordlige del av det som no er Tyskland.
etikk Morallære, korleis oppføre seg moralsk og sedelig rett.
estetikk Læra om det skjønne i kunsten.
idealisme Teori som seier at det me ser rundt oss ikkje er verkeleg, men berre er noko kvar enkelt av oss skaper inne i oss.
rasjonalismen Tiltru til fornufta, lære som tek utgangspunkt i fornufta og tenking som kjelde til å forstå verda rundt oss.
empirismen Teori som seier at all kunnskap om røynda får me gjennom det me sansar, me kan ikkje tenke oss til kunnskap åleine.
radikalar Innan politikk og religion må ein gå grundig til verks å endre ting, og ein må vere villig til å akseptere endringar same kor omfattande og djuptgripande dei er. Kan gi store endringar i tilvante førestillingar og haldningar.
liberalar Ein som meinar at den enkelte og deira rettar er viktige, staten sine inngrep overfor den enkelte er ein uting, derfor må staten si makt avgrensast mest mogleg. Størst mogleg fridom for kvar enkelt vil føre til best mogleg resultat for samfunnet som heile.
eineveldet At ein person styrer heile landet og tek alle avgjersler. kongedøma var einevelde der kongen sitt ord var lov.
klassisk litteratur Dikt, historie og skodespel frå det gamle Hellas og Rom, frå før Jesu vart fødd.
jesuitterskulen Jesuittane var ein munkeorden, og deira kloster var nokre av dei få plassane der ein kunne få seg ei utdanning.
rasjonalismen Tiltru til fornufta, lære som tek utgangspunkt i fornufta og tenking som kjelde til å forstå verda rundt oss.
individuell Den enkelte person, kvar for seg, ikkje saman som gruppe.
parlament Tilsvarer vårt storting, der representantar for ulike parti sit og lager lover som landet vert styrt etter.
utøvande makt Styrer landet etter lover og reglar gitt av eit parlament. Fordeler pengar og lagar skattar.
lovgivande Dei som lager lovene landet skal styrast etter.
demokrati Eit styresett der folket avgjer kva som skal skje, enten direkte ved folkeavstemming eller indirekte ved å velje representantar som sit i eit parlament.
filosof Ein som søker etter sanninga om verden og tilvære rundt oss. Filosofi tyder å vere glad i visdom og kunnskapar.
essayist Ein som skriv korte avhandlingar (stykke) om vitskapelege eller litterære emne.
ateist Ein som nektar for at det finst nokon Gud.
skeptikar Ein som har ein tvilande og kritisk haldning til alt, tviler på at ein kan få kunnskap om noko. Er det noko vits i dette ?
fornufta Evne til å tenke rasjonelt/praktisk sans/sunt vett
empiristane Dei som trur på teorien som seier at all kunnskap om røynda får me gjennom det me sansar, me kan ikkje tenke oss til kunnskap åleine.
vitskap Døme på vitskapar er kjemi, matematikk, biologi, m.m.
eksperimentell Det at ein kan sjekke om noko er "sant" ved å setje opp og utføre forsøk.
moralske At noko følgjer skikk og bruk. Følgjer dei regler og normer for kva som er rett og gale i eit samfunn, og oppføre seg i samsvar med desse reglane og normene.
induksjon Betyr å tilføre eller avlede. Ein logisk metode der ein sluttar noko om det generelle ut frå det spesielle.
Døme: dersom du berre har sett kvite sauer sluttar du ut frå det at alle sauer, sjølv dei som du ikkje har sett, er kvite.
romantikken Periode der ein sette hjarte over hjerne, viktig å legge vekt på kjensler, stemningar og fantasi.
utvida demokrati I dei første demokrati var det berre menn med eigedom, over 25 år, som kunne røyste.
kalvinistiske Kristen trusretning der trua på Gud sin allmakt og lydigskap mot Gud sin lov er det sentrale. Har ein sterk fordøming av alle verdslege gleder. Starta av Jean Calvin.
paradoks Noko som stri mot den allmenne fornuft eller meining. Sjølvmotseiande eller urimeleg.
paranoid Har tvangsforsestelningar om noko, forfølgingsmani.
romantikken Periode der ein sette hjarte over hjerne, viktig å legge vekt på kjensler, stemningar og fantasi.
franske revolusjon Då gjorde folket opprør mot kongedøme i Frankrike. Kongen vart drepen og nasjonalforsamlinga i landet tok over. Det vart skipa ein republikk i Frankrike.
direkte demokrati Det tyder at foket kan avgjere saker ved folkeavstemming.
astronom Ein som studerar stjernehimmelen og planetane.
dekret Paveleg skriv/påbod/forordning
akse Ei tenkt midtlinje gjennom ein figurar, lekamar eller system.
inkvisisjonen Kristen domstol som hadde som oppgåve å oppspore og utrydde kjettarar, dvs. folk som ikkje trudde på Gud. tortur vart lovleg i 1235 og straffa dersom du vart funnen skyldig var brenning på bålet.
bannlysing Kyrkjeleg straff i form av utstøyting frå kyrkjesamfunnet. Ein vart då ein kjettar.
eksperiment Forsøk/utføre.
observasjon Måling/registrering/iaktakelse
akselerasjon Fartsendring pr. tidseining. Dvs. kor mykje ein aukar farta med til dømes per. sekund
fallovene Seier at ting fell like fort same kva masse dei har, dersom ein ser bort frå luftmotstanden.
mekanikken Læra om ting sin likevekt og rørsle. Korleis vil ting flytte seg når dei verte utsett for krefter, kva skjer når ting kolliderar, m.m.
filosof Ein som søker etter sanninga om verden og tilvære rundt oss. Filosofi tyder å vere glad i visdom og kunnskapar.
Dominikanarordenen Ein munkeorden grunnlagt i 1215 av den spanske presten Dominicus for å kjempa mot kjettarar. Fekk leiinga av inkvisisjonen.
inkvisisjonen Kristen domstol som hadde som oppgåve å oppspore og utrydde kjettarar, dvs. folk som ikkje trudde på Gud. tortur vart lovleg i 1235 og straffa dersom du vart funnen skyldig var brenning på bålet.
kjettar Ein som ikkje var kristen og medlem av det kristne fellesskap.
astronomi Å studerar stjernehimmelen og planetane.
optikk Læra om lyset og synet.
elliptiske Samantrykt eller utdradd sirkel, ser ut som ein amerikansk fotball.
observasjonar Måling/registrering/iaktakelse
kosmos Verdsaltet, ordet tyder orden og venleik.
kjettar Ein som ikkje var kristen og medlem av det kristne fellesskap.
astronom Dei som studerar stjernehimmelen og planetane.
observasjonar Måling/registrering/iaktakelse
fysikar Studerer den naturvitskap som tek for seg korleis stoff er bygd opp, og dei krefter som ligg til grunn for naturprosessane.
gravitasjonslova Seier noko om tiltrekking mellom lekamar. Alle lekamar tiltrekker kvarandre, og tiltrekkingskrafta aukar med aukande masse og går ned med aukande avstand mellom lekamane.
mekanikken Læra om ting sin likevekt og rørsle. Korleis vil ting flytte seg når dei verte utsett for krefter, kva skjer når ting kolliderar, m.m.
lekamar Ein ting med masse, som menneske, ski, stein, åme, osv.
differensialrekninga Matematisk disiplin som tek for seg samanhengande aukingar eller minkingar. Ein studerer uendeleg små endringar og ut frå desse utledar ein funksjonen sin eigenskap.
magnetteorien Elektron som flyttar seg, dvs. straum gjer at det vert danna magnetfelt.
optikk Læra om lyset og synet.
astronomi Å studerar stjernehimmelen og planetane.
derivasjon Sjå differensiallikning.
reformasjonen Martin Luther gjorde at den katolske kyrkja vart delt og ein fekk den lutherske retning. Fordi det var for stor avstand mellom kyrkja si lære og det som står i bibelen.
konfesjonalisering Truvedkjenning/Tilståing/Skriftemål.
Inkvisisjonen Kristen domstol som hadde som oppgåve å oppspore og utrydde kjettarar, dvs. folk som ikkje trudde på Gud. tortur vart lovleg i 1235 og straffa dersom du vart funnen skyldig var brenning på bålet.
kjetteri Ein som ikkje var kristen og medlem av det kristne fellesskap.
apokalyptiske Spådomar om korleis denne verda skulle gå under, og kva som skal skje i dei siste tidene. Kristne venter på det som står i Johannes openberring.
intellektuelt Å vektlegger forstand og kunnskap. Ofte brukt om høg utdanning og dyrking av høgkultur og filosofi.
Antikrist Satan sin son som skal kome og herske på jorda i 1000 år før den går under. Alle vert då hardt plaga og forfølgd.
Malleus Maleficarum  Ei bok med oppskrift for korleis ein skal oppdaga hekser og kva ein skal gjere med desse hekser. oppskrift for tortur og dreping, brukt av folk som jakta etter hekser.
moralske Følger skikk og bruk. Overheld regler og normer for kva som er rett og gale i eit samfunn, og oppføre seg i samsvar med desse reglane og normene.
indisium Tyder teikn og merke. Det beviser ikkje at noko er slik og slik, men det peiker i den retning.
justisprotokollar Skriftlege referat frå rettsakar.
sivilisasjonsoptimisme Å tru at det i framtida skal verte betre i land og kanskje også verden.
humanismen filosofi som set menneske og menneskelege verdiar i sentrum. Menneske kan verte betre ved å utdanne seg og lese dei gamle klassikarar frå antikken
irrasjonelt Ufornuftig/Upraktisk/formålslaust/Lite planlagt
koloniane Område som ein stat har tatt utanfor sine eigne grenser, som regel ved makt, og området vert styrt frå moderlandet.
einveldig At ein person styrer heile landet og tek alle avgjersler. kongedøma var einevelde der kongen sitt ord var lov.
ekspansjon Utvide/Auke.
imperiet Verdsrike/Stormakt med mange område det styrer over.
abdiserte Gå av.
transkontinentale Handel mellom verdsdelane.
reformasjonen Martin Luther gjorde at den katolske kyrkja vart delt og ein fekk den lutherske retning. Fordi det var for stor avstand mellom kyrkja si lære og det som står i bibelen.
protestantiske Dei som følgde Martin Luther si lære.
kompromiss Avtale der begge parter gir innrømmingar.
kvalifikasjonar Skikka/kompetent/Ha dei nødvendige krav tilfredsstilt.
korrupt Moralsk forderva, ein person som tek mot smøring.
demokrati Folket avgjer korleis landet skal styrast gjennom val.
inkvisisjonen Kristen domstol som hadde som oppgåve å oppspore og utrydde kjettarar, dvs. folk som ikkje trudde på Gud. tortur vart lovleg i 1235 og straffa dersom du vart funnen skyldig var brenning på bålet.
bastard Born utafor ekteskap.
protestantisk Dei som følgde Martin Luther si lære. Gud sitt ord er i bibelen og ein må lese den for å lære Gud sitt ord. Når protestantar ber gjer dei det ofte til Jesus eller Gud direkte.
katolsk Paven er overhovud og hans ord betyr mykje. Prestar skal tolke det som står i bibelen for katolikkane. Skal ikkje be direkte til Gud, men ber til Maria og helgenar slik at dei kan frambringe bodskapen til Gud og Jesus.
bannlyste Kyrkjeleg straff i form av utstøyting frå kyrkjesamfunnet. Ein vart då ein kjettar.
kapitalismen produksjon og sal av varer for og med pengar. 
konfesjonar Trussamfunn.
konstitusjonelt Etter grunnlova.
monarkiet Kongedøme.
diktator styre der ein eller nokon få tek alle viktige avgjersler.
republikk Stat med president og ikkje med konge som overhovud.
kalvinistisk Kristen trusretning der trua på Gud sin allmakt og lydigskap mot Gud sin lov er det sentrale. Har ein sterk fordøming av alle verdslege gleder. Starta av Jean Calvin.
borgarkrig Krig innan eit land, mellom borgarar i landet.
eineveldig Ein person styrer slik han vil.
tyrannisk Ein person styrer og han gjer det på ein grufull måte.
høgforræderi Svik mot staten sin tryggleik eller sjølvstende.
plantasjar Stor jordeigedom i tropiske strøk, dyrka der nokre få vekstar i stor stil. Kunne dyrke sukkerroer, gummi, bananar, te, tobakk.
koloniane Område som ein stat har tatt utanfor sine eigne grenser, som regel ved makt, og området vert styrt frå moderlandet.
guvernør Person som styrer ein landsdel, provins eller koloni.
parlamenter Eit land si nasjonalforsamling, som vårt storting.
stendene Adelsklassar
manipulasjonar Påverke andre ved knep og midlar som dei ikkje kan klare å oppdage og derfor ikkje kan verje seg mot. 
veto Nekte å godkjenne noko.
sensurerte Hindra bøkene i å verte utgitt, eller delar av dei. 
privilegium Forrett/Særrett/Fordel/Særleg favorisering.
intriger Renkespel/Lureri/Knep eller påfunn for å skade ein annan person.
protestantisk Dei som følgde Martin Luther si lære. Gud sitt ord er i bibelen og ein må lese den for å lære Gud sitt ord. Når protestantar ber gjer dei det ofte til Jesus eller Gud direkte.
hugenottane Tilhengjarane av reformasjonen i Frankrike, mest kalvinistar.
katolikkane Har paven som overhovud og hans ord betyr mykje. Prestar skal tolke det som står i bibelen for katolikkane. Skal ikkje be direkte til Gud, men ber til Maria og helgenar slik at dei kan frambringe bodskapen til Gud og Jesus.
formyndarstyre Verje for ein person.
autoritet Maktbase.
Habsburgerne Fyrsteslekt som regjerte store delar av Europa gjennom erobringar og inngifte.
forvaltninga Leiinga for det offentlege.
monarkiet  Kongedøme.
monopol Einerett på noko.
despot Einherskar som brukar si makt vilkårleg og omsynslaus, ein eigenmektig og tyrannisk person.
statssekretærar Person tilsett i administrasjonen og jobbar for ein minister i ei regjering.
borgarskapet Først stod det for dei som jobba og budde i ei borg, seinare gjaldt det dei som levde i byane. I motsetning til bønder og adel.
administrasjon Administrere tyder å styre eller forvalte.
barokken Stilretning i vesten 1580-1740. Utgjort blant anna av musikk, arkitektur, målarkunst og skulptur.
paranoid Har tvangstankar og forfølgingsmani.
regent Den som styrar landet, når kongen er sjuk, fråverande eller liknande

Til toppen av sida

Tilbake til historiesida