|
Voltaire (1694 - 1778)
Voltaire heiter eigentleg François-Marie Arouet. Voltaire kom frå ei betrestilt, borgarleg familie, og er fødd i Paris i Frankrike. I sin ungdom sat han fengsla i Bastillen i 11 månader for dei meiningane han hadde. Voltaire var ein radikalar, liberalar og sterkt anti-kristen. Frå 1726 til 1729 levde han i England. Han fekk for seg at han skulle opplyse Frankrike heilt åleine og skreiv derfor om alt mogleg, og ende til slutt opp med 70 bind. Det viktigaste bidraget til filosofien er ideen om den naturlege religion. Med det meinte han at slik Gud har skapt naturen, er menneske skapt av naturen. Filosofi måtte vere nyttig på den måte at den forandra mennesak sin åtferd, elles var det ingen vits i filosofi. Han var oppteken av tanken sin fridom. Voltaire ville at menneska skulle følgje sin tanke og fornuft. Han beundra England, spesielt på grunn av religionsfridomen, den relative trykkjefridomen og aktinga for kunnskapsrike menn som han sjølv. Han meinte at kyrkja var ein fiende av fri tenking, fornuft og opplysning. Voltaire gjekk ikkje inn for folkestyre: «Folket vil alltid være dumt og barbarisk,» uttalte han. Han hevda at staten måtte vere sterk, og at eineveldet var den beste styreforma.
Her kan du lese meir om Voltaire : Voltaire
Tilbake til sida om Opplysningstida
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |