|
Jean-Jacques Rousseau (1712 - 1778)
Han vart født av franske foreldre i Genève og opplært i den kalvinistiske tru. Han rømte heimafrå som sekstenåring og gjekk over til katolisismen. Deretter vandra han rundt i Europa. Då han var 18 år møtte han Thérèse de Vasseur, og henne levde han med til sin død. Saman med henne fekk han fem barn, som alle vart plassert på barneheim. Dette gjorde han sjølv om han skreiv bøker om barneoppdraging. For han eksisterte det ein serie av paradoks mellom liv og lære, avstanden var stor, ofte med direkte motsetnadar. Rousseau var original, briljant, vanskeleg, utilrekneleg, kranglevoren, lidenskapeleg, poetisk og paranoid, men aldri kjedeleg. Han var ein filosofiens altmoglegmann, og verka blant anna som diplomat, skribent, musikar, komponist og sekretær. Han var og ettersøkt av parisisk politi. Etter 1750 utgjorde Rousseau sine tankar ein reaksjon mot opplysningsfilosofien. Rousseau set kjensler opp mot fornufta, fellesskap mot eigeninteresse, og ville tilbake til naturen. Det var kjenslene snarare enn fornufta som måtte vere utgangspunktet for teologi og politikk. Både Rousseau og opplysningstenkjarane såg menneske som godt. Det som skil dei er synet på det vonde. Rousseau såg det vonde som noko som er komen inn med kulturen, opplysningstenkjarane såg det vonde som noko som skyldast uvitskap. Rousseau sin kritikk vart opptakta til romantikken. Han meinte at kunst og vitskap gjorde menneska slettare, før sivilisasjon tek over er menneske sin moral brutal, men naturleg. Menneske er frå naturen si side godt, det er samfunnet som gjer det vondt. Han er opphavet til ideen om "den edle villmann", det primitive menneske som ikkje har vorten øydelagt av samfunn og oppdraging. Det han meinte var at det primitive menneske levde i harmoni og ro med seg sjølv. Det var ikkje i konflikt med seg sjølv slik som det moderne menneske, som aldri ser ut til å klare å finne ro. Rousseau sine politiske tankar var og svært viktig, spesielt som inspirasjon til den franske revolusjon. Han talte varmt for eit utvida demokrati for alle, og for eit direkte demokrati. I eit samfunn vil det vere ein "almen vilje", dvs. det som er best for alle. Alle menneske i eit samfunn må bøye seg for denne allmennviljen, og slik vert alle fri. Allmennviljen er berre opptatt av fellesskapet sitt beste, nemleg fridom og likskap. Med sin politiske teori fekk Rousseau stor påverknad på det franske samfunn. Adelen leikte "tilbake til naturen" og vart slik ennå meir uglesett blant vanlege folk. Borgarane i byane tok til seg ideane om det deltakande demokrati og gjorde til slutt opprøyr mot adel og konge.
Her kan du lese meir om Rousseau, på norsk: Roussau - om ulikheten mellom menneskeneIndividualisme hos Roussau Om Roussau
Tilbake til sida om Opplysningstida
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |