|
Opplysningsfilosofane
Opplysningstida er namnet på siste del av 1700-talet då mange ville gjere fornufta til rettesnor i alle forhold i livet. Derfor vert også opplysningstida kalla fornufta eller rasjonalismen sin tidsalder. På 1700 - talet gjorde nye tankar seg gjeldande i Europa. Utviklinga innanfor naturvitskapen hadde vist at kyrkja ikkje alltid hadde rett. Filosofane meinte at det var viktig å setje spørsmålsteikn ved kva som var rett og gale i samfunnet. Menneske skulle bruke fornufta og tenkje sjølv. Mange hadde stor tru på at menneske ved å bruke fornufta kunne skape eit godt og rettferdig samfunn. Menneska måtte for at dette skulle kunne skje få tenkje og utrykkje seg heilt fritt. Når det gjaldt religion, moral og politikk. Dei første aviser og tidsskrift kom ut på denne tida. Folk diskuterte alt frå religionsfridom til negerslaveriet, som av mange vart sterkt kritisert. Folk skulle opplysast, dei skulle ikkje vere slavar for andre. Bruk av tortur vart det stilt store spørsmålsteikn ved, og brotsverk og medfølgjande straff vart livleg diskutert. Kva var siktemålet med straffa? Naud og undertrykking skuldast overtru og mangel på kunnskap, og det vart derfor viktig å undervise alle menneske. Dersom alle fekk lære ville det verte slutt på at folk svolt og vart undertrykt av andre. I mange land vart det derfor bestemt at alle born, både fattige og rike, skulle lære å lese og skrive. Opplysningstida omfatta i første rekke desse landa, Frankrike, Storbritannia og Tyskland, men fekk også verknad for Italia, Russland og Skandinavia. Felles for denne perioden var eit opprør mot tradisjonelle autoritetar, især stat og kyrkje , og eit krav om at styresmaktene skulle vise sin respekt overfor fornufta, den nye autoritet. Opplysningstida sine tenkjarar var som regel ivrige etter å gjere naturvitskapen sine nye resultat tilgjengeleg for vanlege folk. På det praktiske område stod tenkjarane gjerne for liberalisme og individualisme. Immanuel Kant formulerte opplysningstida sitt program slik: ”Opplysning er mennesket sin utgang av den sjølvpåførte umyndiggjering”. Frå Skandinavia kjenner ein noko seinare Grundtvig sin understrekning av ein annen sentral tanke i opplysningstida: ”Hva solskinn er for det sorte Muld er sand opplysning for Muldets frende”. I Frankrike var det særleg Voltaire, Rousseau, Helvetius, Diderot og andre encyklopedistar som representerte denne rørsle. I Storbritannia var det først og fremst Locke og Hume, og i Tyskland særleg Wolff, Lessing og Kant. Opplysningstida la i vesentleg grad grunnlaget for den franske revolusjon i 1789. Den norske grunnlov av 1814 er på mange viktige punkter påverka av denne tida sine politiske idear. ”Opplysning vil seie at menneske kjem ut av sin sjølvforskylda umyndigheit. Umyndigheit er å være ute av stand til å bruke sin forstand utan å vere leda av ein annan. Sapere aude, ha mot til å bruke din eigen forstand,” skreiv Immanuel Kant i 1784. Mange forskarar meiner at den frigjeringa frå kyrkja si moralske og intellektuelle tvang som var ein av renessansen sine djupaste motiv, først vart fullbyrda i opplysningstida. Ein
har nytta ulike ord for å beskrive og definere kulturen eller dei ulike sider
av kulturen på 1700-talet.
Ein brukar ord som opplysningstida, fornufta sin tidsalder, rokokkoen,
føyrromantikken
osv. Kulturen omfatta ikkje berre opplysningsarbeid, fornuftsdyrking, nyttekurs og
tru på menneska sin
godleik og avgrensa moglegheit for lukke. Den gav også plass for religiøsitet
som var strengt bunden av kyrkja si lære, for mystikk og romantikk, for menneskeforakt og
pessimisme. Nokon av
opplysningstida sine viktigaste idear er:
Her kan du lese meir om nokre viktige filosofar i Opplysningstida. Voltaire
Her kan du lese meir om Opplysningstida: Opplysningstiden
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |