|
John Locke (1632-1704)
Locke vart fødd i Bristol, England 29. august 1632. Faren til Locke var ein advokat som samla inn skatt frå hamnebyar. Han ville at Locke skulle verte prest, men Locke forkasta dette og studerte medisin og kjemi. John studerte ved Oxford, og her vart han kjent med ideen om religiøs fridom. Han vart også gjort kjent med ideen om at folk ikkje skulle verte straffa for å ha ulike religiøse meiningar. Etter å ha lest Descartes vart han interessert i filosofi, men han var mot rasjonalismen. Locke var 58 år gamal då hans mest kjende verk, "An essay concerning human understanding" vart utgitt. Locke meinte at alle sider i slike konfliktar måtte verte høyrde. Han meinte at alle konfliktar kunne verte løyst dersom dei ulike partane kunne verte einige om ulikskapane mellom dei og så kunne finne ei løysing på midten ved kompromiss. Locke hadde som mål å rydde vekk søpla som ligg i vegen for kunnskap. Eit nyfødd barn er som ei uskreva tavle, i følgje John Locke. Alle idear det får kjem frå sanseinntrykk og gjennom å tenkje over disse inntrykka. Dei første refleksjonane er enkle, men etter kvart som barnet veks til danne meir samansette og komplekse tankar. John Locke var svært interessert i individuell
fridom. I ei bok han skreiv i 1690 meinte han at kongar ikkje hadde, som ein
trudde før, fått makt til å styre frå Gud. Gud sette ingen menneske over
andre menneske. Menneske er fritt og som frie er alle menneske like. Det at
alle var like mykje verd gjaldt sjølvsagt ikkje fattige, slavar og kvinner.
Han meinte at alle er likeverdige og uavhengige, derfor bør ingen skade
andre sitt liv, deira helse, fridom eller verksemd. Han meinte at kongen måtte kontrollerast av eit parlament. Kongen skulle vere den utøvande makt, mens parlamentet var den lovgivande makt. Parlamentet skulle veljast av folket og skulle kunne avsetjast av folket. Dersom kongen nekta å følgje parlamentet sine lover kunne han avsetjast med makt. Dette var heilt nye tankar, før hadde kongen stort sett styrt sånn som han sjølv ville. Desse tankane kom først til uttrykk ved den amerikanske revolusjon, der USA fekk ein president som styrte landet, eit parlament som laga lover og domstolar som dømde etter lovane. Seinare fekk desse tankane også mykje å seie under den franske revolusjon, og når vår grunnlov vart laga i 1814. Desse tankane, slik dei kom til utrykk gjennom den amerikanske og franske revolusjon, dannar grunnlaget for alle demokrati i verda i dag.
Her kan du lese meir om Locke på engelsk. Tilbake til sida om Opplysningstida
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |