|
Immanuel
Kant (1724 - 1804)
Kant vart fødd, levde og døde i Königsberg, i dåverande Preussia. han var eit utroleg vanedyr. Han vart professor ved universitet i Köningsberg. Kant levde ikkje noko spennande liv. Han vart aldri gift, han fekk ikkje born, han var aldri sjuk og hadde aldri kjæledyr. Folk i Köningsberg stilte klokka etter dei daglege spaserturane han hadde. Han var ein tysk filosof som med sitt omfattande og systematiske arbeid i teorien om kunnskap, etikk og estetikk påverka sterkt all seinare filosofi, spesielt innafor kantianisme og idealisme. Kant var den viktigaste tenkjar i Opplysningstida, og ein av dei største filosofar av alle tider. Han la stor vekt på fornufta og rasjonaliseringa til Descartes og utforskinga og empirismen til Francis Bacon. Han var bekymra over at rasjonalismen var uegna til å bevise eksistensen av noko i det heile tatt og empirismen sin manglande evne til å forklare korleis erfaring vart til vite. Empirismen seier at all kunnskap kjem frå erfaring og at det finst
ingen medfødde idear.
Her kan du lese meir om Kant på norsk og engelsk: Björn's
Guide To Philosophy: Kant - brief bio, his works, and images.
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |