|
David Hume (1711-1776)
Skotsk filosof, historikar, økonom og essayist. Hume vart fødd i Edinburgh av skotske foreldre. Han publiserte blant anna eit stort verk om England sin historie. Han var på si tid kjent for å vere ateist, skeptikar og leiar av den skotske opplysningstid. Han er kjent spesielt for i sin filosofi å leggje vekt på fornufta og skepsisen. Han var den viktigaste av dei britiske empiristane. Han øydela på ein måte empirismen ved å utvikle den heilt til sin logiske konklusjon. Verket "A treatise of Human Nature" utgitt i 1739 har vorte ståande som hans viktigaste filosofiske verk. Her prøvde Hume å setje opp ein vitskap om menneske og ein eksperimentell måte å tenkje på når det gjaldt moralske spørsmål. Han meinte at du måtte vere skeptisk til alt som ikkje kunne bevisast, og sidan vi ikkje kan stole på sansane våre kan ingenting bevisast. Derfor kan ein ikkje bruke induksjon som vitskapeleg metode, og empirismen, all kunnskap om seg sjølv eller den ytre verden kunne ein ikkje vere sikker på. Han meinte at vi ikkje kunne ha kunnskap om det vi ikkje kan erfare og oppleve. Vi veit berre det vi har erfart og kan derfor ikkje kjenne til kva som vil skje i framtida. Sjølv om steinen du har kasta opp i lufta alltid har falle ned før, kan ikkje du vite at den vil gjere det i framtida. Vi må likevel ha som utgangspunkt at det som har vore normalt før vil vere normalt også i framtida, dvs. at det som har skjedd til no også vil skje seinare. Han meinte likevel at same kor langt ein trakk skeptisismen, så måtte ein handle, leve og snakke saman som vanlege folk. Filosofi er berre eit koseleg tidsfordriv.
Her kan du lese meir om
Hume på engelsk:
Tilbake til sida om Opplysningstida
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |