Rene Descartes (1596-1650)

 

Descartes var son av eit fransk rådsmedlem frå Bretagne. Han vart utdanna ved jesuitterskulen i La Flèche og vart i yngre år mektig imponert over kor sikker og presis matematikken var. Han reiste lenge rundt i Europa, og slo seg til slutt ned i Holland. Han var før det soldat i Tyskland.  Descartes har vorte kalla den nye filosofien sin far. Han er opphavet til "Eg tenkjar, derfor er eg", eller på latin "Cogito ergo sum".

Han arbeida også med matematikk, og er den som fann opp koordinatane i funksjonslæra 
(x, y, z). Descartes reiste i 1649 til Sverige for å undervise dronning Christina. Ho insisterte på at undervisninga skulle starte klokka 05.00 om morgonen. Sjokket over å måtte stå opp midt på natta, og kulden i Sverige gjorde at Descartes døyde etter nokre få månadar.

Descartes ville finne noko som var sikkert her i livet. han avviste alle overleverte sanningar, alt han hadde lært. Det var viktig å byggje eit sikkert system av kunnskap, og derfor vart alle tidlegare filosofar kasta på båten, også Gud, kyrkja og klassisk litteratur. Han kom fram til at sann kunnskap berre kan kome frå den menneskelege fornuft, dvs. det som me kan tenkje oss til. Vi kan ikkje stole på sansane våre, auga våre kan blant anna lure oss og me kan høyre lydar som ikkje er der. Derfor kan ein ikkje vere sikker på om noko er slik som det ser ut, kanskje det berre er noko eg tenkjer meg er slik. Du kan drøyme det eller hallusinere det. Korleis kan eg då vite at eg eksisterer i det heile tatt? Det kan jo berre vere ein vond demon som lurar meg? 

Slik sat Descartes og funderte, så kom han på at han sat der og tenkte, og då fann han ut at sidan han tenkte måtte han og eksistere - Cogito ergo sum.

Då hadde Descartes vist for seg sjølv at han hadde tanke, men ikkje at han hadde kropp og heller ikkje at verda rundt han eksisterte. Han måtte bevise at Gud eksisterte, fordi då ville også verda eksistere. Gud sin eksistens er det einaste som kan garantere at våre klare og tydelege idear er sanne og at vi ikkje vert lurt av ein vond demon. Vi har ein fòrestelning om ein fullkomen Gud og vi som menneske er langt frå fullkomne. Vi kan derfor ikkje vere årsak til denne ide om eit fullkome vesen, den kan berre stamme frå noko som er fullkome, altså Gud sjølv. Dermed meinte Descartes at han hadde bevist at Gud eksisterte, men hadde han det?


Her kan du lese meir om Rene Descartes på Internett:

Descartes, René (på norsk)
Descartes ( på engelsk)
Oppg.12- René Descartes

 

 Tilbake til sida om Opplysningstida

Tilbake til historiedelen

 

Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000