|
OM OPPGÅVA
"Historie (1400-1750)" er mitt bidrag til Gruppe 8 a (Hordaland), sitt obligatoriske arbeid i det nettbaserte vidareutdanningskurset "IKT og læring" frå NVU og HSH våren 2000. Gruppa har laga stoff til eit tverrfagleg undervisningsopplegg for sjuande klasse. Emne: Samfunnsutviklinga i Europa 1400-1750. I tillegg til delen om historie, inneheld opplegget ein del om kunsthistoria og utviklinga av musikken i perioden for å famne om så store delar av samfunnsutviklinga som mogleg. Det er teke utgangspunkt i Aschehoug sitt læreverk "Midgard - samfunnsfag for 7. klasse". Dette opplegget byggjer derfor desse faga: samfunnsfag, kristendomskunnskap med religions- og livssynorientering, musikk og kunst og handverk. Historiedelen er laga
ut frå delmåla i historie i læreplanen for sjuande klasse. Nettsida er tenkt brukt som informasjonskjelde i tverrfaglege opplegg som integrerer faga Samfunnsfag, Musikk, Kristendom med religions- og livssynsorientering, Kunst og handverk, og Norsk. Dei tilhøyrande oppgåvene kan gje idear og inspirasjon i planlegginga av eigen teoretisk og praktisk problemløysing. Nettsida kan byggjast vidare av elevar og lærarar og nyttast av andre klassar. Ein kan fordjupe seg ennå meir i dei emna eg har skrive om i "Historie (1400-1705)". Andre emne i historiedelen i samfunnsfag for sjuande klasse kan og trekkjast inn. I samfunnsfag skal elevane også lære om nokre av dei kulturane europearane møtte i Amerika, Afrika og Asia, som til dømes aztekarar, inkaer og indianarar. Dei skal gjere seg kjende med korleis europearane oppdaga og koloniserte andre verdsdelar, og dei skal drøfte følgjer koloniseringa fekk for desse områda, for Europa og for vårt eige land. Dei skal verte kjend med oppdagingsreisande som til dømes Columbus og Magellan.
Sidene er laga slik når det gjeld korleis linkane er tenkt å verke; blå linkar er til sider på Internett utanom det opplegg eg har laga, fiolett linkar er til ordforklaringar og grøne linkar er til sider innan det opplegget eg har laga.
Ordforklaringane er laga slik at når du klikkar på eit ord som er forklart kjem du rett til det ordet. Dersom du klikkar på det same ordet i ordforklaringslista kjem du tilbake til der du var i teksten. Klikkar du på eit anna ord kjem du ein annan plass i teksten eller til ein heilt annan tekst.
Denne sida er laga av Per Inge Nordstrand og er oppdatert pr. 03.05.2000 |