|
Den fyrste tida vart dominert av musikarar frå Nord-Frankrike over Belgia til Nederland, det som før vart kalla Flanderen. Denne retninga vart kalla " den flamske skulen" På 1500 - talet vart det fleire retningar som musikken rundt Peters-kyrkja i Roma og den evangelisk-lutherske musikken i Tyskland. Mot slutten av renessansen oppstod det eit musikkliv i Venezia som var svært rikt og som hadde verknad for ettertida. Musikken i renessansen vart i all hovudsak dominert av kyrkja. Vokal musikken fekk ein framskoten plass , men instrumental musikken auka i omfang utover på 1500 talet.
"Den flamske skulen"
Evangelisk kyrkjemusikk Luthers reformasjon førte til omveltningar og i det kyrkjelege musikklivet. For arbeidet i kyrkjelydane utarbeidde han ei "Deutsche messe" på morsmålet. Denne var enkel og kunne erstatta den noko tyngre og lengre latinske messa. Det musikalske stoffet, sangane som vart sungne vart til på ulike måtar. Nye songar vart komponert, dei nytta gamle velegne songar og dei laga songar gjennom konfraktur. Mange gamle kjende songar vart omforma tekst på slik at det fekk eit meir åndeleg innhald. Ein av dei ny komponerte songane var Luthers "Vår Gud han er så fast ei borg". Katolsk kyrkjemusikk Denne musikken vart til som ein motpol til spriinga av evangelisk luthersk musikk. Det vart sett ned eit konsil(råd) i Trient som skulle sjå på kyrkjemusikk. Konsilet kom fram til at i musikken vart det nytta støyande instrument, sangarane hadde dårleg tekstuttale, messene hadde ofte musikk som forkludra teksten, osv. Dei kom fram til at kyrkjemusikk måtte unngå alt "ureint og vellyst" for "Gudshus" skulle med rette kallast eit bønehus. Verknadane av Konsilet sitt arbeid finn me i dei stilistiske tendensane som kom til å dominera kyrkjemusikken i Roma i siste del av 1500-talet. Denne retninga vart kalla "roma-skulen" der den viktigaste komponisten var GIOVANNI PERGULESI DE PALESTRINA(1525/26 - 1594). Madrigalistane
Venesianer skulen Musikklivet i Venezia var knytt til Markus-katedralen. Og på grunn av at kyrkja ikkje var avhengig av Roma kyrkja, fekk me ein musikkstil som stod heil fritt i forhold til romer-skulen. Den største forskjellen me får er at komponistane i Venezia vanlegvis brukte fleire stemmer i sin musikk. Det vanlege var 8-12 stemmer mens Palestrina nytta 4-5. Adrian Allert vert rekna som grunnleggjar for skulen, men det var Giovanni Gabrielli(1557-1612/13) som utvikla den. Gabrielli fann opp piano(svakt) og forte(sterkt) i korsongen. Venezianer skulen under Gabrielli var eit varsel om barokken og var med på å danne overgangen til ein ny stilperiode. Instrumentalmusikken Det vart danna ein eigen instumentalmusikk innan tre område,lutt.orgel og virginalmusikk. Luttmusikken hadde sitt opphav i Italia i byrjinga av 1500-talet. Virginalmusikk(spinett) var vesentleg dansemusikk og komposisjonar i variasjonsform. Orgelmusikken fekk sitt oppsving i Venezia for komponistane ved Markuskatedralen skreiv orgelmusikk. Norsk musikk i renessansen
Tilbake til startsida mi! Til toppen av sida Steinsdalen 08.05.00 Per Røberg
|