|
Ordforklaringar
|
Symfoni
Ein symfoni er ein større komposisjon for orkester. Den
klassiske symfonien har 4 satsar, ofte etter dette mønsteret: 1.
Allegro (hurtig). 2. Andante (rolig, gåande). 3. Menuett eller
scherzo (ofte i tredelt takt). 4. Rondo/Allegro (hurtig). Noen symfoniar har
berre tre satsar, og i vårt århundre er det skrive
flere einsats-symfonier.
|
Opera
Operaen vart til i Italia på 1600-tallet. Komponisten Claudio
Monteverdi vartrekna som operaens far, men han var nok ikkje åline om
det farskapet. Vi kan kort beskrive operaen som eit song-teater.
Handlinga i stykkje vert oppført på scenen av songsolister og
kor, som vert støtta av eit orkester som er noko mindre enn
eit
symfoniorkester, 30-50 musikarar er vanleg. Det er to hovudtypar av
operaer, opera seria (alvorlig, seriøs opera) og opera buffa,
komisk opera.
|
Suite
Ein suite består av fleire mindre stykker, oftast dansemelodiar, som
fylgjer etter kvarandre.
|
Oratorium
Ora (latin) betyr å be. Eit oratorium er ett verk for solister, kor
og orkester med tekst fra Bibelen. Solistane syng bibeltekstane
og koret svarar med salmer. Formen stammar fra barokken, og det er
først og fremst J.S.Bach og Händel og Haydn vi forbind med
oratoriet, som minner litt om ein opera utan sceneopptreden.
|
Sonate
Ein sonate er ein lengre komposisjon for eitt eller nokon få
instrumente. Ein klaversonate er for piano åleine, mens ein fiolin-
eller fløytesonate vanligvis er for fiolin eller fløyte og
piano. Ein triosonate er for tre instrument, og to av dei er som
oftast cello og klaver. Sonaten har form som ein symfoni eller
konsert, det vil seia at den er delt inn i 3 eller 4 satsar.
|
Sats
Ordet 'sats' betyr arbeidsstykke. Lengre komposisjonar som
sonate, symfoni, konsert og suite blir nesten alltid delt inn i
flere satsar. Kvar sats er gjerne bygd opp som eit sjølvstendig
musikkstykke med innleiing, bearbeidelse av temaene og
avslutning. Satsar har svært ofte navn etter tempobetegnelsen:
Presto, Allegro, Andante, Adagio.
|
Messe
Ei messe er ein komposisjon for sangsolistar, kor og orkester med
tekst fra den kristne messa, oftest på latin. Den har vanligvis
5 eller 6 satsar som svarer til messeledda: Kyrie, Bloria,
Credo, Sanctus, Benedictus (som i den katolske messa er ein del av
Sanctus)og Agnus Dei.
|
|
Konsert
Ein konsert er eit større verk for soloinstrument og orkester.
De fleste konsertar har 3 satser: hurtig, litt langsommare,
hurtig. Konsertane får navn etter soloinstrumentet, for eksempel
fiolinkonsert, klaverkonsert, trompetkonsert, fløytekonsert og så
vidare. Dersom det er to solistar, vert det kalla ein dobbeltkonsert. Det
kan også væra fleire solistar, Då vert det kalla concerto grosso
(storkonsert).
|
|
| Kanon
Det å ta oppatt ein melodi, ein spelar det same ein gong til
eller mange gonger.
|
|
| Tilbake
til startsida mi!
Til toppen av sida
Steinsdalen
08.05.00 Per Røberg
|
|
|