Opera

 

 

Den fyrste opera som vart skriven var "Daphne",komponert av Jacob Peri og framført i 1597.  Men den eldste best bevarte operaen er "Orfeo" som vart skriven i 1607 av Claudio Monteverdi.

Dette var ein opera basert på den greske legenden om Orfeus og Evrydike og ein kan seia at den var eit resultat av den turbulente musikalske perioden dei var inne i.  Komponistane ville skapa noko nytt,  sterkare verkemiddel, for å få fram musikken sin.

Det var nokre komponistar frå Firenze som saman kom fram til at ein melodi som vart songe åleine, med ein naturleg stemmebruk, var den einaste måten ein kunne få fram meininga i teksten på. Dette vart kalla monodi og denne songen vart akkompagnert av enkle akkorder.

Ut frå denne komponeringa av monodiar kom dei fyrste operaene. Det var store dramatiske verk som var sett musikk til og  framført som teaterstykker.

Monteverdi var ein av dei som vidareutvikla denne monodien til det me i dag kallar opera. Det var viktig for han at teksten var det sentrale og at musikken skulle vera med på å understreka handlinga i teksten.  Dette førte til at det vart lange resitativ(snakke sang) partier i stykka hans, men han til førte og nye ting.  Det kunne vera arier(song), detaljert korsong og instrumentale dansar.

Noko nytt var og at han nytta korsongen gjennom heile "Orfeo", og at det vart brukt instrument.  Han noterte nøyaktig kva instrument som skulle nyttast og kva tid det skulle spela.  På denne måten vart han ein av dei fyrste "moderne" orkestratorane(det å setja opp kva instrument som skulle nyttast i orkesteret).  Han gjorde seg nytte av eit stort utval instrument i orkesteret, som tre- og messingblåsarar, strykarar(feks.fiolin) og mange tangentinstrument.

Tilbake til startsida mi!                                                            Til toppen av sida

Steinsdalen 08.05.00   Per Røberg