Komponistar i renessansen

 

GIOVANNI PIERGULESI DA PALESTRINA 

Palestrina vart fødd i Italia i 1514/15 el.26.  Korleis han levde som liten veit me lite om, men han var elev hjå Mallapert i Roma der han var korgut. 

 

        

Seinare vart han organist i St. Agapito i Palestrina i 1544.  1547 gifta han seg med Lucrezia Gori og dei fekk tre born.  Det fyrste han komponert var "Messer(1554)" då han arbeidde som "maestro de capella" i Guilia kapellet i Roma.

1560 - 1570 åra vart Palestrina populær med dei verka han skreiv.  Dette førte til at han fekk i oppdrag å skriva om salmebøkene i kyrkjene.

1580 døde kona hans, men han gift seg på ny 1581 med Virginia Dormoli ei rik pelshandlarenke.  Dette letta økonomien hans og det vart ein produktiv periode i livet hans.  Giovanni døydde i Roma 2.februar 1594.

 

GIOVANNI GABRIELI (1557 - 1612/13)

Var ein av dei viktigaste komponistane i Venezia på 1500 talet.  Det var vanleg å komponera musikk for fleire kor og mange stemmer på den tida. 4-5 stemmer var vanleg å bruka , men Gabrieli nytta seg av 8-10 stemmer.

For å få variasjon i musikken bruka dei å dela kora opp slik at dei song i mot kvarandre eller i lag.  Han nytta og instrument i lag med kora og orgel.  Ein av dei tinga han arbeidde mykje med var å skapa klang i det musikalske.

Det mest radikale han står som "oppfinnar" av var piano(svakt) og forte(sterkt) i musikken.  Nokre av hans komposisjonar som avspeglar dette med kor og instrument er; "Canzon in echo" - for 8 kornetter, 2 trompeter og orgel, og "In eccelsis" - for kor, 4 solister, 3 kornetter, bratsj og 2 tromboner.  

  

 

Tilbake til startsida mi!

Steinsdalen  08.05.00   Per Røberg