Komponistar i barokken

 

JOHAN SEBASTIAN BACH vart fødd 21.mars.1685 i Eisennach, same år som Hândel.          

Han er kanskje den komponisten flest knyter til barokken. Den slekta han kom frå hadde fostra mang ein musikkar.  Han fekk sin fyrste utdanning innan orgelspel frå far sin Johan Ambrosius.

 

         

I 1700 byrja Bach og tena sine eigne pengar som korist i St.Mikal kyrkja i Lûneburg. 1703 vart han fiolinist i eit kammetorkester, men fekk seinare same år jobb som organist i Arnstadt.

Oktober 1705 fekk J.S lov på ein månad permisjon for å studera den kjende dansk-tyske organist og komponisten Dietrich Buxtehude som då var i Lûbech.  Musikken til Buxtehude inspirerte J.S slik at han vart der i to månader til, noko som kyrkjeleiinga ikkje likte.

1707 gifta han seg med kusina si, Maria Barbara Bach. I 1717 byrja han på eit 6års langt engasjement som kapellmester og kammermusikk direktør ved hoffet til Prins Leopold av Anhalt-Køtchen.  Under denne perioden skreiv han mykje verdsleg musikk for ensembler og solo instrument.  Han laga og musikkbøker for kona og borna sine slik at dei skulle læra seg tangerntteknikk og musikk-kunnskap.  desse bøkene inneheldt "Det veltempererte klaver", "Invensjonene" og "Den lille orgelbok".

J.S si fyrste kone døydde i 1723.  Året etter gifta han seg på ny med Anna Magdalena Wichen.  Ei god sangerinne og mor, for ho gav han 13 born i tillegg til dei 7 han hadde frå før.

I 1723 flytta han til Leipzig der han budde resten av livet.  Han vart musikkalskleiar og korleiar i St. Tomas kyrkja.  Til stadigheit krangla han med kyrkjeleiarane og korkje dei eller innbyggjarane såg på han som eit musikalsk geni.

Musikken han skreiv denne tida(kantatar,koraller) opna ofte med ein seksjon for kor og orkester, der musikken alltid var tett knytt til teksten.  Nokre av desse verka er "Juleoratoriet", Johannespasjonen " og Matteuspasjonen.  Mot slutten av livet sitt vart Bach nesten blind og han døydde etter ein mislukka augneoperasjon.

 

GEORG FREDRICH HÂNDEL  (1685 - 1759)

Han vart fødd i Halle i Tyskland i 1685 byrja å studera juss i 1702, men året etter arbeidde han som musikkar ved operahuset i Hamburg.  1707 reiste han til Italia for å studera, kom att to år seinare og vart musikkdirektør i Hannover.  Etter eit besøk i London i 1710/11, vart han svært betatt av England og flytte dit i 1712.

 

Me kan dela arbeidet hans inni to epokar "operaperioden" og "oratorieperioden".  Han skreiv i alt 41 operaer, dei størrste er "Xerxes(1738)" og "Guilio Cesare(1724)".  Operaene hans fylgde stilen på den tida og var underlagt kva "primadonnaene"ville syngja og kva operasjefane ville setja opp for å tena pengar.  Hândel var sjølv operasjef og var avhengig av økonomisk suksess.

Eit kjenneteikn ved operaene hans er at mange har ei danseaktig rytme.  Alle hadde italiensk tekst og at handlinga ofte var henta frå romersk historie.

Oratoria til Hândel gjev plass for store kor.  Teksten(librettoen) i oratoria er ofte henta frå det gamle testamentet som "Israel i Egypt" og "Messias".

Han skreiv og instrumentalmusikk og verka hans vart utgjevne i samla hefte.   Tre samlingar med konsertar for klaver eller orgel og to samlingar suitar for klaver.  Han komponert og for orkester, dei største var "Fireworksmusic(1744)" og "Water music(1717)".

 

ANTONIO VIVALDI

Han var fødd i 1678 i Venezia og var son til ein leiande fiolinist.  Utdanninga hans var både som musikar og prest.  Han byrja som prest i 1703, men på grunn av dårleg helse slutta han etter eit år og via resten av livet sitt til musikken.

 

           

Han arbeidde i Venezia som musikklærar, komponist og dirigent.  Vivaldi var ein som komponerte mykje og svært fort.  Rekorden hans var ein opera(Tito Manilo) som vart skriven på 4 dagar.  Noko av det han skreiv var 49 operaer,ei mengd oratorier og anna kyrkjemusikk, 440 konserter,23 sinfonier og 73 solo-trio sonater.

Konsertane utgjorde den største mengda av produksjonen hans, dei var ofte for fiolin og orkester.  Ein av dei mest kjende konsertane hans er "Vår-konserten. den fyrste av desse fire konsertane med tittelen "Årstidene".

 

SEIN - BAROKKEN

GIOVANNI BATTISTA PERGOLESI (1710 - 36)

Pergolesi var fødd i Lest i 1710 som tredje barn av ein oppsynsmann.  Som liten var han ramma av mykje sjukdom.  Han halta og hadde nok ei vanskaping på grunn av tuberkulose.  Den fyrste opplæringa i musikk fekk han i heimbyen sin, seinare fekk han pengar til å studera i Napoli.  Ved konservatoriet i Napoli song han i koret og spelte fiolin, her debuterte han og som komponist.

 

               

Hans fyrste bestillingsverk var operaen "Salustia", den vart og framført på scenen i Napoli.  Pergolesis største opera var nok "La serva padrona" som kom i 1733.  Dette var byrjinga av ei rekkje operaer som fekk enorm suksess.

Etter ei tid med politisk uro i Austerike flytta han til Roma.  1736 var helsa hans so dårleg at hanbusette seg i eit fransk kloster, for som det kan sjå ut, forbereda seg på døden.  Her skreiv han "Sabat mater" og "Orfeo" før han døydde 16.desember 1736.

Dette at han døydde  ung og hadde vore så produktiv, gjorde at andre komponister gav ut verk som var hans etter at han var død.

  

Tilbale til startsida mi!                                                     Til toppen av sida

Steinsdalen  08.05.00  Per Røberg