BAROKKEN

 

Denne epoken vert rekna frå 1600 - 1750, men ein kan dela han inni 1600-tals barokk og sein barokk (1700 - 1750). Ved overgangen frå 1500- talsmusikk til 1600-tals musikk kan me dela musikkstilane inni to typar; konservativ- og radikalstil.  Den konservative legg vekt på at musikken dominerer over teksten, mens den radikale vil ha fram teksten som det viktige og ser musikken som  meir verdsleg.  Musikken i barokken skulle uttrykkja bestemte kjensler og stemningar.  Ei stor nyvinning var at musikken vart skriven med fast rytme med taktar og taktstrekar.               

Med barokken vart det innført nye musikktypar som "concerto" (konsert) og "concerto grosso".  I ein konsert spela fleire instrument "ofte" strykarar, ein "duell" mellom kvarandre. "Concerto grosso" brukte komponistane ein vekselverknad mellom ei solistgruppe (concertino) og heile orkesteret(tutti).

 

Andre ting som særmerkjer barokkmusikken er terassedynamikken.  I staden for at musikken gradvis vart sterkare(crecendo) og gradvis svakare(diminuendo) så forandra styrkegraden seg fort.  Eit godt eksempel på dette finn me i fyrste satse av Vivaldi sin komposisjon: "Våren". 

Med barokken oppstod fleire nye musikkformer som sonate, suite og opera.

Sonaten er eit større musikkverk i fleire satsar(oftast 3-4).  desse satsane har i motsetnad til suiten ulike karakterar og tempo.  av sonaten kjem "sonatinen", ein mindre, enklare sonate i 2 - 3 satsar.

Suiten er eit musikkverk som inneheld mange små stykke, som regel dansar,  desse var vanlegvis i same toneart og tempo.

Opera er eit musikkdrama altså eit verk for scenen.  Ofte var det "primadonnaer"(sangar el.sangerinne) i lag med eit orkester.  Ein av dei mest kjende operaene på den tida vart "Orfeo" skriven av Claudio Monteverdi  

 

 

 

Tilbake til startsida mi!                                                      Til toppen av sida

Steinsdalen  08.05.00   Per Røberg